Start frå Nærbøparken mellom kl. 12 og 14. Merka sykkelløype mellom Nærbøparken, Vitengarden Jærmuseet, Obrestad Fyr, Vigre og Hå gamle prestegard.
Treng sykkelen ein vask? Kan me laga snop av tang og tare? Kan ei jekketralle stå oppå eit strykebrett? Dette og mykje anna får du svar på langs sykkelruta.
Alle som deltek får eit klyppekort. Dersom du er innom alle stasjonane, svarar på spørsmåla og leverer inn kortet innan kl.16 er du med i trekkinga av flotte premiar. Deltaking på arrangementet er gratis
Hugs hjelm!