Søk
Sjå katalog her:
Sjå haustprogram for litteraturåret i Hå her:

Opning av nye utstillingar på Hå gamle prestegard 13. mars kl. 14.00

Me ønskjer velkomen til ein allsidig utstillingsperiode på Hå gamle prestegard. Frå filmatisering av undermedvitet, pubertal keramikk inspirert av popkulturen til born sin fantastiske eventyrskog.

 

Reinventing my Childhood Influences
 - Jim Darbu - keramikk og teikning
I nye fjoset syner me utstillinga Reinventing my Childhood Influences av kunstnaren Jim Darbu. Tittelen syner til påverkingar frå populærkulturen i kunstnaren sin barndom, som har gitt seg utslag i skulpturar og teikningar med sterke hint til teikneseriar og teiknefilmar.
Tv, film og teikneseriar er framleis viktige element i Darbu sitt liv. Han seier at hans  tilnærming til kunst startar med ei heller "tankelaus teikning". Teikningane og skulpturane til Darbu er i slekt med kvarandre og er, som han seier sjølv, basert på ein pubertal og litt absurd tankegang.

Jim Darbu har utdanning frå Kunstakademiet i Oslo (MA 2007-2009).

Omvising i utstillinga med kunstnaren 14. mars kl. 13.00.

An attempt at disappearance
 - 4 kunstnarar - 5 videoverk
An attempt at disappearance er eit samarbeid mellom Hå gamle prestegard og gallerist Danielle Arnaud, London. I utstillinga syner me 5 videoverk av 4 kunstnarar. Videoarbeida står kvar for seg, men har somme felles element. Alle har noko truande i seg som i ulik grad kjem fram. Ein kropp i strandkanten som gradvis forsvinn, to jenter som ter seg på ein måte som står i sterk kontrast til det idylliske landskapet, collage av gamle filmar satt saman som om dei fortel ei historie, eit forlate hus som flyt i vatnet, som i ein draum. Somme av filmane er vakre, nokre meditative, alle er på eit nivå skumle og surrealistiske og alle handlar om mennesket og det underbevisste.

Nicky Coutts: The Discovery of Slowness (An Attempt at Drowning and An Attempt at Disappearance) og Keep. Patricia & Marie-France Martin: Unseen by the gardener og Du noir dans le vert. Paulette Phillips: Floating House.  Courtesy of the artists and Danielle Arnaud

Les meir om utstillinga i fil nederst.

Garmanns hemmelighet
- Stian Hole - barnebokillustrasjon

Som ein del av litteraturårsatsinga til Hå gamle prestegard, Hå Folkebibliotek og Hå Kulturtorg har me invitert 2 barnebokillustratørar til å stille ut på Hå gamle prestegard i 2010. Først ut er Stian Hole og boka Garmanns hemmelighet. Utstillinga er laga som ei bok ein kan gå inn i, og oppleva dei vakre bileta samstundes som me høyrer teksten frå boka blir lest opp.

Stian Hole har tidlegare gitt ut to bøker om Garmann: Garmanns sommer (2006) og Garmanns gate (2008). Hole har fått fleire prisar for sine bøker, mellom anna Bokkunstprisen i 2009 og Brageprisen, kategori for barne- og ungdomslitteratur, for Garmanns sommer i 2006.

Stian Hole vil lesa frå Garmanns hemmelighet sundag 14. mars kl. 13.30, etterpå blir det bokverkstad. Forteljing og bokverkstad blir det òg 21. mars kl. 13 -15.

Utstillingane er opne 13. mars - 18. april

Ansvarlig redaktør Eva Watne