Viktig melding

Lukk meldinga

BIBLIOBATTLES

Fredag 16. oktober. Kl.18.00. Heime hjå deg sjølv.

BIBLIOBATTLES – Minecraft byggjekonkurranse

I dei komande vekene vil bibliotek over heile landet samarbeide med Bibliogames om online-turneringer i samband med Nordic game week. Kvart bibliotek startar med lokale turneringer. Vinnaren frå kvart bibliotek går deretter vidare til den nasjonale finalen for å representere heimstaden sin - bibliotek mot bibliotek.

Turneringane blir også strømma med kommentator og er tilgjengeleg for alle på www.twitch.tv/bibliogames

Er du mellom 7 og 15 år og bur i Hå kommune, kan du delta i Minecraft byggjekonkurranse med temaet «Spill og bibliotek».  Lokal turnering med 15 deltakarar startar fredag 16. oktober kl.18.00. Den nasjonale finalen er 11. november kl.17.30.

For meir info og påmeldingsskjema: https://sites.google.com/view/bibliobattle2020minecraft/home

Påmelding innan 14. oktober. Første mann til mølla!

Dette vil du ikkje gå glipp av! Støtta av Rogaland fylkeskommune. Gratis.

Dato
16. oktober 2020
Tid
18:00 - 19:30
Stad
Hå folkebibliotek

Arrangør

Hå folkebibliotek
Adresse
Dalvegen 21
Postnummer og stad
4365 Nærbø