Utstilling: Per Christian Brown

lørdag 26. januar 2013 kl. 14.00

26. januar - 24. februar 2013

Per Christian Brown
Everlasting Material Pain 
fotografi og video

Opning ved Geir Haraldseth

Per Christian Brown si utstilling er ein poetisk refleksjon over naturen. I 16 mm-filmarbeid og fotoseriar undersøkjer kunstnaren underliggjande symbolske og eksistensielle moment i naturen sitt vesen. Brown undersøkjer og om naturen kan bli eit bilete på menneskelige kompleks, smerte og forgjengelegheit.
Per Christian Brown hadde utstilling på Hå gamle prestegard sist gong i 2005. Denne gongen består utstillinga av nye verk, både film og foto, som tek utgangspunkt i kapitlet L´Arbre Aerien (Lufttreet) i essayet L´Air et les Songes (Luften og drømmene) frå 1943 av den franske filosofen Gaston Bachelard (1884–1962).
Essayet analyserer grunnelementet luft i relasjon til draumar og dagdraumar, der treet blir framheva som kjelde til ulike førestellingar. Med utgangspunkt i diktfragment av diktarar som Rainer Maria Rilke, D. H. Lawrence og August Strindberg blir treet tematisert som eit vertikalt, symbolsk og psykoanalytisk konsept. Treet kan sjåast på som ein forbindelse mellom jord og himmel – kva draumar skapar treet i eit slikt perspektiv?

Per Christian Brown (1976) er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo. Sidan 2004 har han budd og arbeida i Berlin. Brown har hatt ei rekkje separatutstillingar sidan han gjekk ut av akademiet i 2000, mellom anna i Galleri Brandstrup, Bomuldsfabriken Kunsthall og Galleri f15. Han er kjøpt inn av Stavanger Kunstmuseum, Riksutstillingene, Nasjonalmuseet for Kunst, Statoils Kunstsamling og Norsk kulturråd for å nemne nokre. Han står også bak det mykje omtalte utsykkingsprosjektet for Forsvarsbygg, Rena leir Østerdalen i 2004.

Legg til hendinga i din kalender