Utstilling: Shawn Smith

lørdag 21. april 2012 kl. 14.00

21. april - 3. juni 2012

Shawn Smith
Rethings 
skulptur 

Den amerikanske kunstnaren Shawn Smith undersøkjer skjæringspunktet mellom den digitale verda og røynda me lever i. Spesielt er han interessert i korleis me opplever naturen gjennom ny teknologi. Bakgrunnen til kunstnaren sine undersøkingar er at når me ser bilete av natur på TV eller på ein dataskjerm, trur me at me ser naturen, men eigentleg ser me berre mønstre av «pikselert lys» (pixilated light).

I utstillinga på Hå gamle prestegard får me sjå nye arbeid frå serien «Rethings». Her møter me snodige dyreskulpturar som framstår som piksla eller grovkorna bilete i 3D. Smith finn motiva til skulpturane på nettet og lager så tredimensjonale objekt frå desse bileta. Skulpturane bygger han opp piksel for piksel. På denne måten får kunstnaren ei forståing for korleis kvar minste bit speler ei avgjerande rolle i forhold til korleis gjenstaden framstår.  Kvar piksel i skulpturen er laga i mdf-plater kutta i små biter og malt individuelt.

Shawn Smith utforskar identitet, farge, teknologi og vitskap i sine arbeid. Han er oppteken av korleis sambandet mellom kunstneren si hand og objektet fungerer. Han er òg oppteken av ting og deira plass i vår historie og korleis vårt forhold til ting endrar seg samen med den teknologiske utviklinga – den som fører til at me i større grad observerer verden gjennom en skjerm.

Legg til hendinga i din kalender