Kunstsafari: Melankoliens evige gjenkomst

lørdag 18. februar 2017 kl. 12:00

- om det romantiske landskap i Lars Hertervig og Astrid Nondals maleri

 

Halvdagstur med lunsj.
Kunstlos for dagen er kunsthistorikar og forfattar HOLGER KOEFOED.
Bli med på ei spanande reise inn i det romantiske landskapsmaleriet med eit spenn på over hundre år.

FRAMMØTE I STAVANGER KUNSTMUSEUM kl. 12. Vi vandrar inn i landskapet til Lars Hertervig i utstillinga FORGREININGER.
Etter omvising der, ca.
kl. 13.00, køyrar vi i eigne bilar til HÅ GAMLE PRESTEGARD. Herleg lunsj på prestegarden mellom kl. 13.45 – 14.45.
Etter lunsj blir det kunstsnakk i utstillinga NATURMUMLING til Astrid Nondal  med Holger Koefoed og kunstnaren.

Pris kr 400 inkl. inngangsbillett, foredrag og lunsj. Studentar og kunstnarar kr 300. Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller telefon 51791660. Gje beskjed ved påmelding om du treng transport frå Stavanger til Hå og frå Hå til Nærbø togstasjon.

Arrangementet er i samarbeid med Stavanger Kunstmuseum

Legg til hendinga i din kalender