UTSTILLING: Jakob Holdt

lørdag 16. april 2011 kl. 14.00

16. april - 5. juni 2011

Jacob Holdt 
AMERIKANSKE BILDER - JACOB HOLDTS AMERIKA 
fotografi 

Den danske fotografen Jacob Holdt (f. 1947) har dei siste 40 åra dokumentert Amerika – og amerikanarane – på sine tallause reiser rundt om i landet. Han har med fotografia sine teikna eit bilete av Amerika som noko anna enn ”the land of the free”.

Utstillinga viser eit utval av fotografi frå dei siste 40 åra – bilete av storbymenneske i rå gettoar, narkomane på gata, fattige i apatisk einsemd, rikdoms mismot, sjuke utan pengar til legehjelp, kvite, svarte, svoltne. Men kjærleiken, håpet og trua på framtida blir òg skildra. Det handlar om amerikanarane, men det handlar samstundes om oss. Om å vera menneske, om å sjå dei andre og vera saman med dei andre.

Holdt sine fotografi er ikkje reklameestetisk lekre, og lever vel knapt nok opp til dagens standard for teknisk perfeksjon. Ikkje desto mindre er det framifrå fotografi som og lar seg sjå i eit fotohistorisk lys.

Jacob Holdt fotograferer med hjarta. Medkjensla, den manglande distansen og møtet mellom menneske gjer at bileta verkar på oss på en særskilt måte. Det er vanskeleg å sjå vekk; me kan mest føla oss forplikta til å sjå på bileta – sjølv om dei viser oss noko me absolutt ikkje likar å sjå på. Men me ser likevel.

Boka Amerikanske billeder frå 1979 kom i nytt opptrykk i mars 2011.

Utstillinga blir opna av fotohistoriker og professor Robert Meyer  - som og vil halda eit lenger innlegg kl. 15.30 på opningsdagen. 

Legg til hendinga i din kalender