UTSTILLING: ATLE SELNES NIELSEN

lørdag 22. januar 2022 kl. 14.00

22. januar - 20. mars 2022

Atle Selnes Nielsen
SUSTAIN
kinetisk lydinstallasjon

I gamle fjoset på Hå gamle prestegard syner Atle Selnes Nielsen den kinetiske lydinstallasjone SUSTAIN.

Sjå video frå utstillinga der Atle Selnes Nielsen sjølv fortel om installasjonen. 

Dommedagsestetikk i særklasse! Les kritikken av utstillinga i Stavanger Aftenblad. 

Hovudelementa i installasjonen består av tre opne oljefat med ulik djupn, plassert på stativ med rotasjon rundt eigen akse.

Den praktiske, kulturelle og økonomiske betydinga av oljefata er relevant for prosjektet, spesielt i lys i av tida me lever i.  I tillegg er oljefat som utgangspunkt for musikkinstrumenter, utbredt i fleire kulturar.

Oljefata har kvar sin transducer festa under botn. Dette er ein elektromagnet som i ein høgtalar. Den set botn av fatet i rørsle, som ein høgtalarmembran. Kvart oljefat har ein stor hermetikkboks rullande mot utsida. Hermetikkboksen er ein mikrofon kunstnaren har laga heilt frå botn, med magnet og kopartråd.

Teknologisk baserer ideen til prosjektet seg på feedback. Dette er eit lydfenomen – oftast uønskt og ubehageleg - som oppstår ved elektrisk lydforsterking, når den forsterka lyden frå ein høgtalar kjem inn i mikrofonen og blir forsterka på ny til ein eskalerande ule- eller pipelyd.

Tonane blir bestemt av komplekset mellom resonansfrekvensen i høgtalaren, mikrofonen, rommet, retninga og avstanden. Det er aldri heilt stille, så feedback vil alltid kunne oppstå i eit kvart lydmiljø.

Symbiosen mellom hermetikkboks og oljefat formar klangbileta, som ein analogi til månen og jordkloden. Grønlakka områder omgitt av tilfeldige rustne flater kan minne om topografiske formasjonar. Særpreg og variasjon i klangen oppstår mellom anna frå rust og uregelmessigheiter.

Installasjonen styres av en mini-PC og eit spesiallaga dataprogram. Programmet kan kople inn og ut høgtalarane og motorar i eit slags mønster med betydelege tilfeldighetsparametere. På denne måten oppstår det ein nærast uendeleg variasjon i lydbiletet.

Intendert bruk av feedback har ein tradisjon sidan 1960-talet, med introduksjonen av elektrisk gitar. Konseptuell bruk av fenomenet innan samtidsmusikk er representert av mellom andre Alvin Lucier, Steve Reich og Otomo Yoshihide. Analoge romklang-effektar blei tidlegare konstruert med metallplater og fjærer.

Klangane som oppstår i oljefat gjev illusjonar av store rom. Det er noko mektig og ambient i lydbiletet, som fascinerer. Uventa samklangar og dissonansar kan stadig overraske.

Tittelen SUSTAIN syner i utgangspunktet til sjølve lydfenomenet og den utstrakte klangen. Samstundes kan den peike på det faktum at jordkloden mest truleg vil halde fram med å rotere i uoverskodeleg framtid, uavhengig av kva som skjer med jordoverflata og atmosfæren.

Atle Selnes Nielsen (1978) bur og arbeider i Sandefjord. Han har Bachelor i keramikk, og Master (2006) i kunst frå Kunsthøyskolen i Bergen. Nielsen har hatt ei lang rekke separatutstillingar, nyleg på Østfold kunstsenter (2020) og Møre og rromsdal kunstsenter (2018). Han har delteke på gruppeutstillingar som Høstutstillingen, Norsk skulpturbiennale og Østlandsutstillingen. Selnes Nielsen er innkjøpt av Nasjonalmuseet for Kunst, Arkitektur og Design.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender