UTSTILLING: BRYNHILD GRØDELAND WINTHER

lørdag 12. november 2022 kl. 14.00

12. november - 15. januar 2023

Brynhild Grødeland Winther
KUNNE IKKJE FORSTÅ DEG FLYTANDE...
teikning 

Velkomen til opning 12. november kl. 14.
Opning ved Marit Victoria Wulff Andreassen.

 

Brynhild Grødeland Winther vokste opp på Grødeland, ikke langt fra Hå gamle prestegard. Noen av hennes første barndomsmøter med kunsten var akkurat her. Etter å ha levd i kryss og tvers på kartet er hun tilbake ved røttene på Jæren for å vise utstillingen Kunne ikkje forstå deg flytande….I utstillingen viser Grødeland Winther tegninger som i stor grad er knyttet opp mot eget liv og erfaringer. Hun skriver: 


Det første skrivne ord, var ei teikning av eit dyr. Teikning er mitt hovudspråk, men eg jobbar òg med tekst. Det ligg eit paradoks i det at eg jobbar med ord, for eg har ei problematisk relasjon til ord. Kanskje er frustrasjonen over manglane i ord som språk, noko av hovuddrivkrafta bak mitt kunstnariske virke. Eg har eit ytringsbehov, men når ein omset tankar til ord, blir mesteparten borte.

Eg har asperger. I 2018 lærte eg at det er vanleg blant folk som ikkje har asperger, å tenkje med ord og faktisk lyd. Den kvelden blei eg liggjande vaken heile natta og prøve å rope inni tankane mine. Men det var heilt stille. Eg undrar meg over at somme trur ein kan forstå verda gjennom ord. Eg meiner ein brukar ord for å gjere ting forståeleg. Det ser òg ut til at mange utfordringar i samtida kan relaterast til tanken om at ord skal ha ein faktisk eksistens i verkelegheita. Dette gjeld alt frå klimapolitikk (her kunne eg ha skrevet tusenvis av bokstavar om korleis ein ender opp med å destruere natur for å «redde klimaet» dels fordi somme ser ut til å tru at ein kan få klimaet til å slutte å endre seg (for første gong i kloden si historie) ved å kjøpe ting ein ikkje treng…og fordi klimastatistikkane viser forbruk og ikkje produksjon, og fordi ein ser ut til å tru at kloden kan endrast ved retoriske grep medan handlingane går i motsett retning…), til identitetspolitikk og mykje anna. Ord og kategoriar har blitt viktigare enn fenomenet eller personen dei beskriv.

Det blir sagt at oss med asperger tek ting bokstaveleg…men kva skal ein ta bokstaveleg om ein ikkje kan ta bokstavar bokstaveleg? Det var den dagen eg sa at eg ville til botnen, for om ein forstår noko flytande ser ein berre det som ligg i overflata. Eg ville fange det bokstavane ikkje klarar gripe fatt i. Eg trudde eg kunne finne skattar der nede under vekta av heile sjøen. Så drukna eg.

Men fiskane djupt der nede bærer vekta av heile sjøen. Somme av dei er avhengig av ytre press for å halde fasongen…nokre av dei er gjennomsiktige, så andre kan sjå ljoset dei har inni seg. Somme brukar ljoset for å lokke til seg byttedyr. Byttar ein ut ein bokstav eller to, kan ein fisk bli noko anna. Noko som fell i god fisk liksom. Det blir sagt at fisk og menneske ikkje er dyr men somme seier at ein blir det ein spiser. Likevel kuttar orda oss frå kvarandre igjen. Og igjen. Smaken av deg mot leppene. Salte tårer. Smaken av orda som rann ut mellom tennene. Frå kvarandre.

Byttedyr er ein type dyr ein kan bytte mot noko ein har meir lyst på, som til dømes mørk sjokolade. Mørk sjokolade er ei form for mørk materie…mørk materie er berre ei finare måte å sei at ein ikkje har klart å konstruere ei språkleg forklaring på eit fenomen….eg har heller ikkje ei språkleg forklaring på denne utstillinga. Og hadde ein kunna sei alt med ord hadde ikkje kunsten hatt nokon hensikt.

 

Grødeland Winther har en bachelor og mastergrad fra Kunstakademiet i Bergen. Hun har stilt ut ved Stavanger Kunstmuseum, Høstutstillingen, Vestlandsutstillingen, Tegnerforbundet, Møre og Romsdal Kunstsenter, Bærum Kunsthall, Haugesund Billedgalleri og Oppland Kunstsenter med flere, og er innkjøpt av blant annet KORO, OsloMet, Haugalandmusèet, og Sparebanken Vest.

Utstillinga er støtta av Ingerid, Synnøve og Elias Fegerstens stiftelse for norske bildende kunstnere, Rogaland fylkekommune og Norsk kulturråd. 

 

Søndag 13. november kl. 13.30
MØT KUNSTNAREN 
Brynhild Grødeland Winther fortel om utstillinga KUNNE IKKJE FORSTÅ DEG FLYTANDE... og svarer gjerne på spørsmål. Vanleg inngangsbillett gjeld. 

 

Les Trond Borgen sin kritikk av utstillinga i Stavanger Aftenblad. 

Les Anne Therese Tveita sin kritikk av utstillinga i NUMER.

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender