Om Martin Johann Mathiassen Skou – fanten som var venn med Arne Garborg.

onsdag 26. oktober 2022 kl. 19.00

Foredrag med Sigbjørn Reime

Martin Johann Mathiassen Skou (1849-1919) var tateren som blei folkeskulelærer, forfattar, predikant og folketalar. Han var den første nordmannen av romani- og fanteslekt som gav ut bok om sitt eige folk, På fantestien, i 1893. Skou var ein livslang venn av diktaren Arne Garborg, som udødeleggjorde både Skou og folket hans i hovudverket Fred, frå 1892. Garborg skreiv òg føreordet i andreutgåva av Skou si fantebok i 1917. Skou vart omtalt som den merkeligste og mest gåverike mannen som har vanka på fantestien i Norge.  Martin Johan gjekk på lærarkurs med Arne Garborg, og den første lærarstillinga etterpå hadde han hos presten på Hå. 

Sigbjørn Reime (f. 1945) er pensjonert lærar og kulturformidlar med nær femti års teneste i Time kommune.   
Reime har halde foredrag om Arne Garborg, lokalt og elles i landet. Han har vore redaktør for samlagsbøkene Garborgs Jæren og sitatboka Ånd må vinna.
Han har òg språkmodernisert og redigert fleire av dei mest kjende Garborgverka, og har skrive fleire bøker om Arne Garborg; mellom dei barneboka «Då Arne Garborg var liten». 

Kr 150 inkl. inngangsbillett til utstillingane før foredraget. 
Dørene opnar kl. 18. 
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660

Bilete: Martin Johan Mathiassen Skou som ung. 

Legg til hendinga i din kalender