Utstilling: Per Platou

lørdag 3. september 2011 kl. 14.00

3. september - 16. oktober 2011

Per Platou 
Skogen / What happened in the woods
installasjon 

Med deltakinga på gruppeutstillinga Guttestrekar? på Hå gamle prestegard sommaren 2009 stifta me første gong bekjentskap med Per Platou. Som 1 av 18 inviterte kunstnarar utfordra han utstillingsrommet med ein lydinstallasjon. Ved hjelp av høgtalarar og ein bevegeleg mikrofon vert publikum ein del av installasjonen. Verket kravde tid og tilstedeværelse før ein kjente korleis lyden i rommet og dei mørke omgjevnadane omslutta ein. Tid og tilstedeværelse – å vera oppmerksam. Platou vel ikkje lettvinte løysingar verken for seg sjølv eller publikum. Han krev frå publikum same tilstedeværelse han sjølv har i eigen kunst.

Møte med Winkler
Neste gong me traff Platou var på Obrestad fyr sommaren 2010 med utstillinga Jonny Winklers kanon. Her fekk han fyret for seg sjølv ein heil sommar. Kunstnaren sat seg ned med historia til staden og fann deler av historia til Jonny Winkler – ein tysk soldat som var stasjonert som kokk på Obrestad fyr under 2. verdskrigen. Per Platou gav oss ikkje så mykje meir konkret enn namnet på mannen, eit par av hans medsoldatar og nokre årstal. Resten av historia var det opp til publikum å finne ut av.

Ved hjelp av enkle rekvisittar og eit titals usynlege høgtalarar plassert rundt i fyrbygningen fekk me eit innblikk i kvardagen til Winkler utan at me verkeleg traff han. Me fekk berre vink og hint av lyd. Var det ein del av installasjonen eller var lyden i veggene som eit levande minne frå ei anna tid? Me høyrte hundeglam utanfor døra i kjellaren, gamle songar frå krigs-åra, det levde inni den store trykktanken og det gamle maskinrommet vart fylt med ein låg dunkande hjerterytme. Fyret pulserte, det var i live og busett. Me var så vidt ein del av noko som kunne ha skjedd ein gong.

Stadsspesifikt
Det tredje møtet blir igjen på Hå gamle prestegard – no ikkje saman med 17 andre, men aleine på nye løa. Løa på prestegarden er eit stort, mørkt rom med ei takhøgd som strekk seg fleire meter over betonggolvet. I dette, nesten sakrale rommet skal Per Platou installere sitt neste prosjekt.  

Ved hjelp av mikrofonar på utsida og høgtalarar på innsida vil me høyra vinden, som er så sterkt til stades på Hå, inne i utstillingsrommet. Me vil høyra sjøbrus og måkeskrik – passerande bilar og lågtflygande helikopter. Men naturen er ikkje berre til stades som forsterka lydar frå utsida. Naturen er også teken inn i utstillingsrommet. Eit stort tre vil få ein sentral plassering. Det me ser og det me veit finnes utanfor vil blanda seg med nye lydar – samspelet vil kunne gje oss ei heilt ny oppleving.

Denne gongen vil me finna parallellar både til utstillinga på Obrestad i fjor og til gruppeutstillinga på Hå gamle prestegard i 2009. Platou arbeider heile tida med iscenesetjing av hendingar eller stemningar ved hjelp av lyd. Kunstnaren nyttar ikkje lyd for å understreke rommet eller omgjevnadane, men for å tilføre noko anna. Slik lagar me som publikum nye bilete i hovudet, bilete som er annleis enn det me berre ser og det me berre høyrer. 

 

 

Eit stort tre inne i nye løa - Klikk for stort bilete Per Platou

  

 

Legg til hendinga i din kalender