Utstilling: Lotte Konow Lund

lørdag 5. mars 2011 kl. 14.00

5. mars - 10. april 2011

Lotte Konow Lund
Atelierarbeid 2008-2010
teikning / video 

Å arbeida som kunstnar i dag er vanskeleg utan å reflektera over kunsten og kunstnaren sine forskjellige premiss, roller og arenaer. Kva er god kunst? Og kven eller kva avgjer kva som er god kunst? Korleis skal ein oppleve kunst, eller lage kunst?

Dei siste åra har Lotte Konow Lund arbeida med å undersøkje  kunstnarrolla innanfor og utanfor kunstinstitusjonen. I 2007 sat ho vakt ein sommar i  Dagny Tande Lids utstilling som stod i fare for å bli stengt medan ho øvde på å teikne blomar (Why Do I draw I, Hommage a Dagny Tande Lid). Sidan 2008 har ho kvart år vore teiknelærar i Bredtveit kvinnefengsel medan ho har laga teikningar basert på dei innsette sine skisser (Why Do I Draw II, Images from the Inside). Begge desse undersøkingane har ført til større arbeid som har vore vist fleire gonger.

I arbeidet som blir vist på Hå gamle prestegard har Konow Lund gått inn i tradisjonen å undersøke atelieret, rommet der kunsten blir til. Konow Lund undersøker kva atelieret kan vere i dag ved hjelp av fleire installasjonar. Atelieret har lang tradisjon innan vestleg kunsthistorie. Frå Velazques måleri ”Las Meninas”, til Vermeer som studerer sitt eige måleri over skuldra og Courbet som viste atelieret som eit klassesamfunn med kunstnaren i midten, som eit vitne. Frå 1960-talet har atelieret vore brukt innan performance og video til ein kritisk diskusjon rundt kunstsystemet, av kunstnarar som Vito Acconci og Bruce Nauman .
 
Lotte Konow Lund har mellom anna utdanning frå Statens kunstakademi. Ho bur og arbeider i Oslo og er førstamanuensis ved KHIO, Kunstfag. Konow Lund har ei rekke internasjonale utstillingar bak seg og er mellom anna kjøpt inn av Nasjonalmuseet for Kunst og Bergen Kunstmuseum.

 

Installasjonsfoto miniatyr av Lunds atelier  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto miniatyr av Lunds atelier - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto. Videoverk frå Lunds atelier - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto. Videoverk frå Lunds atelier - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender