Utstilling: Anne Rolfsen

lørdag 22. oktober 2011 kl. 14.00

22. oktober - 27. november 2011

Anne Rolfsen
Sentralkomposisjoner 
teikning / måleri

Anne Rolfsen syner utstillinga Sentralkomposisjoner i gamle fjoset på Hå gamle prestegard. Utstillinga består av om lag 40 teikningar utført på spesiallaga ruteark i eit abstrakt biletspråk.

Som tittelen tilseier, er det felles for alle arbeida at dei er sentralkomposisjonar. Dei har òg det til felles at dei er gjennomført med fargeblyantar. Kunstnaren seier at ho ved å arbeida på denne måten føyer seg inn i ein tradisjon som stort sett har ligge utanfor kunsten.

Teikningane ril Rolfsen er ornamentale og kan derfor minna om tekstilkunst eller ein kan tenkje på arbeid laga i religiøse samanhengar. Sjølv trekkjer ho parallellar til mandalaen som blir nytta i buddhistisk tradisjon som eit symbolsk bilete på kosmos, men også C. G. Jung nyttar dette mønsteret “urbilete” som blir synlege i draumar og tolka som symbol for ubevisste prosessar. Rolfsen seier at rutenettet har gitt henne stor fridom – og at arbeidsprosessen på grunn av dette har blitt meir meditativ. I hovedhuset vil ho syna måleri. Også i desse arbeida er kunstnaren meir orientert mot teikning enn mot måleri.

Anne Rolfsen (1946) er utdanna ved Statens Kunstakademi og Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Rolfsen byrja si kunstnariske verksemd med separatutstilling på Hå gamle prestegard i 1986 og har sidan det hatt fleire utstillingar over heile landet, seinast på Kunstnerforbundet i 2010. Rolfsen står bak fleire utsmykkingar og er kjøpt inn av mellom anna Norsk Kulturråd. 

Elisabeth Søyland og Anne Rolfsen - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga. Kvadratiske teikningar montert som frise rundt alle veggene i utstillingssalen.  - Klikk for stort bilete

Legg til hendinga i din kalender