Utstilling: Martin Woll Godal

lørdag 24. april 2010 kl. 14.00

24. april - 6. juni 2010

Martin Woll Godal 
Sensomotorical
og Soft Spot
keramikk 

Martin Woll Godal syner to installasjonar i nye løa på Hå gamle prestegard.

Sensomotorical er masterprosjektet hans frå Kunsthøgskolen i Bergen i 2007, medan Soft Spot (part 2) er eit pågåande prosjekt.

I begge prosjekta utforskar kunstnaren kryssingspunktet mellom arkitektur og skulptur, der det viktigaste er det samspelet som skjer mellom publikum og kunsten.

Sensomotorical byggjer på det klassiske prinsippet om den sjølvberande bogen. Installasjonen blir kvar gong tilpassa rommet den blir plassert i. I nye løa på Hå gamle prestegard vil bogen opplevast som eit framandelement, medan andre stader kan den opplevast som ein naturleg del av rommet.

Slik som Sensomotorical er òg Soft Spot (part 2) eit modulsystem, men denne installasjonen skaper eit direkte brot med arkitekturen. Installasjonen blir konstruert av kvadratiske kuber dekka av porselensmodular som fører farga og pulserande lys frå innsida av kubane ut i rommet. Kunstnaren er heile tida oppteken av samspelet mellom rom og kropp. Han legg verkt på at verda kring oss har innverknad på sansane våre, som òg påverkar vår fysiske framferd som igjen definerer korleis me oppfattar det som skjer rundt oss.

Woll Godal er nyutdanna (2007) og har allereie vore med på fleire utstillingar i Noreg og utlandet og hatt separatutstilling på Galleri Format i Bergen.

Installasjonsfoto frå utstillinga. Vegg med lysande keramiske figurar.  - Klikk for stort bilete
Runde keramiske figurar som det lyser grønt frå. Installasjonsfoto.  - Klikk for stort bilete
Oversiktsfoto frå utstillinga på nye løa.  - Klikk for stort bilete
Keramiske figurar stabla i eit mønster på golvet.  - Klikk for stort bilete
Nærfoto av runde keramiske figurar som lyser.  - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender