Utstilling: Samlaren

lørdag 12. juni 2010 kl. 14.00

12. juni - 30. september 2010

Samlaren
- Du leiter ikkje, du finn
Kulturhistorisk utstilling 

Opning lørdag 12. juni kl. 14.00 ved fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen og Per Inge Torkelsen

Søkjande. Nysgjerrig. Kunnskapstørst. Opplevingssøkjande. Nostalgisk. Sprø. Velkommen til opning av sommarens temautstilling på Hå gamle prestegard.

Kvifor samlar me? Kva er det for ei dragning i mennesket som gjer at me må samla på alt mogleg? Er det ei trong etter å få kontroll? At det er eitt område der me har oversikt, som me er ekspertar på? Det å samla er mangfaldig. Gjennom livet samlar me på gjenstandar, pengar, vener og gode opplevingar. Me samlar kollektivt og me samlar individuelt. Me deler noko av lærdommen me har samla, og me held somme erfaringar for oss sjølv. Me tek vare på utgådde sko og for små genserar. Leikene me hadde då me var små set me på ei hylle, og samlinga med spikrar etter onkel kan vera grei å ha. Gjennom utstillinga vil me gripa fatt i mangfaldet kring det å samla, og formidla lidenskapen til dei som samlar.

Utstillinga Samlaren – du leiter ikkje, du finn syner eit utval av ulike samlarar og måtar å samla på, men det finst uendeleg mange fleire. I utstillinga kan ein få møte alle moglege samlingar. Frå den vanlege fingerbøl samlinga til han som samlar på ei oppleving. Kva med han som samlar på spyposar eller ho som samlar på gamle ting som dei fleste ikkje lenger veit korleis me skal nytte?

”Samlaren” er laga spesielt med utgangspunkt i kunst- og kulturinstitusjonen Hå gamle prestegard. I 2009 fekk kunstnar Martyn Reed Stavanger kommune sitt kuratorstipend. Hå gamle prestegard utfordra Reed til å tolka eit kulturelt tema med sin kunstnariske bakgrunn. Til utstillinga er det utarbeida ein katalog med personlege og faglege artiklar kring fenomenet samling. I utstillingperioden vil det vera fleire temadagar knytta opp mot ulike deler av utstillinga.

Samling av LP-plater - Klikk for stort bilete
Post-it lappar med ting som gjestene samlar på - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga - Klikk for stort bilete
Samling av glansbilete - Klikk for stort bilete
Iddis. Motivet er to sild som helsar på kvarandre.  - Klikk for stort bilete
Samling av lykketroll.  - Klikk for stort bilete
Samling av veteranbilar.  - Klikk for stort bilete
Parkeringsplassen på opningsdagen - Klikk for stort bilete
Publikum som studerer samling av leiker  - Klikk for stort bilete
Per Inge Torkelsen i utstillinga  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga  - Klikk for stort bilete
Opningstalen  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto  - Klikk for stort bilete
Foto av vegg med eksempler på kva folk samlar på. Nærfoto - Klikk for stort bilete
Vegg med ulike gjenstandar folk samlar på.  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga Samlaren  - Klikk for stort bilete

Resepsjonsområdet. - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga Samlaren - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga Samlaren - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga Samlaren - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga Samlaren. Portrett laga av samlinga av knappar.  - Klikk for stort bilete

Legg til hendinga i din kalender