UTSTILLING: KARIN AUGUSTA NOGVA

lørdag 11. november 2023 kl. 14.00

11. november 2023 - 3. mars 2024 

Karin Augusta Nogva
Fugleportrett
grafikk / tekstil / performance

Velkomen til opning 11. november kl. 14. 
Opningstale ved kunstnar Adrien Brun. 

Fri entre på opningsdagen. 

Jærstendene landskapsvernområde er namnet på kyststripa frå Tungenes i nord til Ogna i sør. Mot vest ligg Nordsjøen, mot aust det flate jærlandskapet. Her er mange og lange badestrender, mektige sanddyner, eit rikt fugleliv og mange vanlege og uvanlege planter. Det meste av strekninga er verna som landskapsvernområde, plantefredningsområde eller fuglefredningsområde.

Midt i dette området ligg Hå gamle prestegard og hit kjem Karin Augusta Nogva med si utstilling Fugleportrett. Ved bruk av tekstil, musikk, video, grafiske arbeid og laserutskore bilete opnar kunstnaren opp for dialog kring natur og fuglefreding.

Fugleportrett har som mål å setja søkjelyset på situasjonen kring raudlista fuglar som no er oppe i 90 artar. Hå gamle prestegard ligg ved kystleia der fuglar trekker, landar og hekkar. For å redde vipa er det innført vipestripe langs dyrka mark. Vipa er berre ein av mange artar kunstnaren ønskjer å løfta fram i utstillinga. 

Nogva hentar mykje inspirasjon frå Japan. Sidan 2012 har ho vore på studiereiser til landet fleire gonger. Gjennom reisene har ho lært seg katagami-teknikken, ein teknikk der ein lagar papirutskjeringar som blir nytta til mønster i tekstiltrykk og grafikk.

Karin Augusta Nogva bur og arbeider i Ålesund. Ho har utdanning frå kunsthøgskolen i Bergen og Edingburg College of Art og er kjøpt inn av mellom anna Stortingets kunstsamling, Trondheim kommune og Kunstmuseet Kube kunstsamling.

Nogva er ein av kunstnarane bak Aggregat Kunstnarfellesskap og Mottaket. Ho har stilt ut på stader som Kunstverket Galleri og Galleri Norske grafikere i Oslo, Tou trykk i Stavanger og KHÅK Kunsthall i Ålesund.

 

Legg til hendinga i din kalender