"Jærbondens liv"

torsdag 20. april 2017 kl. 19.00

Bli med på ein kveld med film og hyggeleg prat over eit godt måltid mat.

“Jærbondens liv”

 

Hå gamle prestegard har invitert den frankrike-baserte, britiske kunstnaren Ron Haselden til å lage eit kunstprosjekt med utgangspunkt i jærbondens liv. Utstillinga skal visast 18. november 2017 – 15. januar 2018.

Haselden er ein allsidig kunstnar, men er mest kjent for sine store lys- installasjonar der han samarbeider med ulike grupper i samfunnet. I desse prosjekta har han samtalar med dei involverte og ber dei teikne enkle teikningar som han nyttar i utstillinga.

Hå gamle prestegard inviterer til ein hyggeleg kveld kor kunstnaren er til stades, me ser film og inviterer til prat over eit kveldsmåltid.

19.00 Velkommen v/ Hå gamle prestegard og Olav Magne Tonstad

19.10 Ron Haselden snakkar om prosjektet «Jærbondens liv»

19.40 Filmen: «Kunstnaren, bonden og landskapet» av David Furnham

20.30 Lett kveldsmåltid

20.30 Ein jærbonde fortel om livet som bonde

20.45 Prat og innspel om tema og arrangement til utstillinga

21.15 Vel heim!

Påmeldingsfrist 18. april til post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660

 

 

Legg til hendinga i din kalender