Møt kunstnaren: Karen Erland

søndag 5. februar 2023 kl. 13.30

Møt Karen Erland i si eiga utstilling på Hå gamle prestegard. 

Karen Erland fortel om utstillinga Å SPEGLA EIT MINNE og om arbeidet med denne.
Vanleg inngangsbillett gjeld.

 

Om utstillinga: 

Me er glade for igjen å kunne invitere til utstilling med Karen Erland. Sist gong Erland hadde separatutstilling på Hå gamle prestegard var i 2006.

Karen Erland arbeider med minner.
Ei lita jente sine opplevingar blir sett og tolka gjennom augo til ei eldre kvinne.

Utgangspunkt til utstillinga Å SPEGLA EIT MINNE er klede og brev. Gjenstandar Karen Erland har eit spesielt forhold til vert omdanna til eit kunstnarisk uttrykk i porselen og steingodsleire. Ho omformar minna, kapslar inne, brenn bort og modellerer. Ho former minna, og minna har forma henne.

Ein serie kalla «Amerikabrev» er gjenskapt i porselen, konvoluttane er brent bort i prosessen. No er dei bevart og framkalla i eit anna materiale, ein kan berre ana breva som låg inni. Avsendaren er død, og Karen har samla på breva i 70 år. No får dei ny form med nytt innhald.

«I kjellaren» er ein installasjon av krukker og gamle skråttesaftposar. Posane som før var fylt med bær vekker minner. Kjellaren frå barndommen kan hugsast mørk og kald og skummel. Om kvelden kunne forma på posane som hang frå taket vera kva som helst, på dagtid endra alt seg.

Karen sine minne er ein samtale ho held med seg sjølv, andre kan kjenna seg att, spegla eigne minne.

Karen Erland (f. 1946) bur og arbeider på Bryne. I tillegg til separatutstilling på Hå gamle prestegard har ho blant anna stilt ut i Sandnes kunstforening, Bryne kunstforening og Skur 2, Stavanger. Ho deltok på Norsk kunsthåndverk i 1992 og 1993, og er innkjøpt av Norsk kulturråd, Haaland AS, Time kommune og Bryne kunstforening. Saman med Jens Erland har ho motteke Rogaland fylkes kulturpris og Stavanger Aftenblads kulturpris.

Utstillinga er støtta av Bildende Kunstners Hjelpefond. 

Legg til hendinga i din kalender