Laurdagsmatine: Honning og bier i mytologien

lørdag 26. august 2017 kl. 14.00

Foredrag med Terje Nordby frå Mytekalenderen

 

Foredrag med Terje Nordby

Honning og bier har hatt ei sentral rolle i historia både i mytologiske forteljingar og i forteljingar frå fleire religionar. Men det har alltid vore ein del i ei anna forteljing. I dette foredraget vil Terje Nordby la myter om honning og bier vera sjølve hovedforteljinga. 

Nordby er kanskje mest kjend frå Mytekalenderen på NRK P2. Han har gitt ut ei rekkje bøker om myter. Denne ettermiddagen på Hå gamle prestegard persenterar han eit heilt nytt foredrag med myter der honning og bier står i sentrum for forteljinga.

Før og etter foredraget serverar me deilig lunsj med smak av honning og andre godsakar.

Vaksne kr 300 inkludert lunsj. Born kr 100.
Vaksne kr 100 for bare foredraget. Born under 16 gratis.  
Inngangsbillett til utstillingane er inkludert i prisen.

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660

Arrangementet er i samband med utstillinga POWER TO THE BEES
Utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd og Fylkesmannen i Rogaland

Legg til hendinga i din kalender