Familiearrangement: HALLOWEEN

søndag 29. oktober 2017 kl. 12:00

 - for store og små

Denne dagen inviterer Hå gamle prestegard heile familien til skumle opplevingar og gamle tradisjonar.

PROGRAM:
Kl. 12.00 – 15.00

Kle deg ut heima og få skummel sminke på Hå. Få med deg eit bilete av deg sjølv heim. Skjær ut skumle fjes i kålrabi og lag ditt eige bilete. Kanskje kan du laga ei lykt og. Lag flaggermus og andre nifse figurar i papir. I kafeen kan du kjøpa søte spøkelseskaker, «blodsuppe» og mykje anna godt.
Kl. 14.00 HORRORSHOP! Skumle opplevingar og overraskingar for barn og barnlege vaksne.  .

Billett: Barn kr. 50. Vaksne vanlig inngangsbillett kr. 60.
Arr. I samarbeid med vennelaget til Hå gamle prestegard.  

I vår tid har Halloween særleg blitt markert i USA, der utkledde born går frå hus til hus og tigger godteri med orda «trick or treat». Tradisjonane vart ført til USA på 1600-talet med europeiske immigrantar. Men røtene til feiringa strekker seg over 2000 år attende i tid. Den har sitt opphav i fleire ulike religionar og skikkar, men mange meiner at den keltiske hausttakkefeiringa har påverka mest. Den siste dagen i oktober feira det keltiske folket overgangen til eit nytt år og slutten på sommaren og innhaustinga.
Ifølge tradisjonen er skiljet mellom den logiske, daglege verda og den meir skremmande natteverda nærast usynleg på Halloween. Difor er det vanleg å pynta med gjenstandar som symboliserer døden, dei levande døde, svart magi og mytiske monster. Det er òg vanleg å nytte enkelte symbol for haust og grøde. Det gjeld særleg graskar, helst med utskorne ansikt, og fugleskremsel, som representerer både jordbruk og dei levande døde.

Ein av dei gamle skikkane på Jæren er å laga roelykt. Den blei vanleg frå 1920-åra. Den kan ha kome hit med norske utvandrarar som kom heim frå Amerika og hadde sett at dei laga lykter av uthula graskar. På Hå gamle prestegard feirar me dagen både med nye tradisjonar, men me tek og opp tradisjonen frå vårt distrikt med å nytta rotvekstar for å laga lykter. I år vil me og skjæra ut figurar i kålrabi for å trykkja bilete med.  

Velkomen til magi og moro denne søndagen på Hå gamle prestegard. 


  

 

Legg til hendinga i din kalender