Boklansering: "Astridene - kvinnene kring Olav Tryggvason".

torsdag 12. oktober 2017 kl. 18:00

Forfattar Solveig Aareskjold

 

Død på grunn av ein øyrefik
 - det kosta å vera kar i vikingtida.

 

Kva er det alle kvinner vil ha? I forteljingane frå vikingtida er svaret enkelt: Alle kvinner vil ha ære. Dess stoltare ei kvinne er, dess meir attraktiv er ho for mennene, sjølv om ho stiller så høge krav at det går på livet laus. Olav Tryggvason var all sin dag avhengig av å ha kvinnene på si side. Han blei berga gjennom spedbarnstida av ei snarrådig mor, nådde vaksen alder ved hjelp av ei klok fostermor og fekk styringa over Noreg på grunn av søster si. Men fordi han trakka på æra til Sigrid Storråde, hamna han i slaget ved Svolder, der han stupte i sjøen og forsvann.

Solveig Aareskjold debuterte som romanforfattar med romanen Det indre tempel i 1987 og som essayist med Kyss meg i diskursen i 1996. I seinare år har ho gått sterkt inn for å gjera eldre litteratur meir kjend, mellom anna med bøkene Valkyrjesong (2012) og Lesebok for jenter (2014).

Boka Astridene - kvinnene kring Olav Tryggvason som kjem ut på Saga bok, vert lansert på Hå gamle prestegard denne kvelden. 

Saga Bok AS er eit kulturselskap som har som hovudformål å bevara og formidla den norske kulturarven frå sagatida. Sidan 2008 har selskapet i hovudsak fokusert på publisering og har etablert seg i bokmarkedet som eit viktig forlag for vikingtid og sagahistorie og har stått ansvarleg for fleire større oversetjingar og publiseringsprosjekt, mellom anna sagaskatten Flatøybok.

Under boklanseringa vert det enkel servering.
Boka er for sal under lanseringa.

 

Legg til hendinga i din kalender