KVA ER TRESNITT?

tirsdag 6. februar 2018 kl. 19.00

Demonstrasjon av tresnitt og
omvising i utstillinga høyTRYKK

Tresnitt og andre typar trykk er i vinden som aldri før. Hå gamle prestegard har ei satsing over 3 år der me presenterar kunstnarar som arbeidar med forskjellige typar trykk.

Fyrste utstilling i denne serien opnar laurdag 27. januar kl. 14 og har tittelen høyTRYKK. Tema i denne utstillinga er tresnitt, og 20 av dei leiande kunstnarane i landet som arbeider med tresnitt er invitert til å stille ut fleire av sine verk.

Men kva er tresnitt? For å få vita meir om dette har me invitert kunstnarane Solveig Landa og Elin Gabrielsen frå Grafisk verksted i Stavanger til å ha ein demonstrasjon om korleis ein lagar tresnitt og ei omvising i utstillinga.

Alle bileta i utstillinga er for sal. Dette er eit fint høve til å sikra deg eit eller fleire av desse unike verka.

Kr 200 inkl. kveldsmat. Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no og 51791660

Legg til hendinga i din kalender