Onsdagsforedrag: LIV OG LAGNAD PÅ HÅ

onsdag 14. mars 2018 kl. 19.00

Foredrag med historikar Frode Fyllingsnes

Minikonsert med General Forsamling

"LOVBRUDD OG STRAFF I HÅ I DANSKETIDA PÅ 16- og 1700-TALLET"
med historikar Frode Fyllingsnes.

«Maktstaten» er ei nemning historikarane stundom brukar om det styresettet som utvikla seg i Danmark-Noreg på 1600- og 1700 talet. På toppen trona kongen i København, frå 1660-åra i rolla som den eineveldige monarken. Under kongen vart det bygd opp eit statsapparat både på nasjonalt, regionalt og lokalt plan. Medan håbuane i tidlegare tider i stor grad hadde fått halde på med sitt utan innblanding utanfrå, kom det no ei lang rekkje lover som skulle regulera folk sine liv. Straffereaksjonane mot dei som braut påboda, kunne vera drastiske. Styresmaktene sitt strev på dette området inngår i det som kan sjåast på som ein storstilt disiplineringsprosess i ulike delar av Europa. Sentralt stod statsmakta sitt krav om monopol på skatteinnkrevjing og valdsbruk, meda ein forlanga større drifts- og impulskontroll av undersåttane.
Frode Fyllingsnes er ein av forfattarane i Hå kulturhistorie som kom ut i 2013. Denne kvelden på Hå tek han oss med inn i korleis det var å leva og bu i Hå på 1600- og 1700 talet.  

Dette er fyrste kvelden i ei foredragsrekkje om livet på Hå. 

«KJÆRE GUD». Minikonsert med General Forsamling.

"Børre Bratland har med General Forsamling nå fire utgivingar bak seg, og har allereie klassikarstatus, òg utanfor Sør-Jæren. Han har blant anna brakt Generalen heilt til Oslo på Rockefeller, Stavanger konserthus og til byens tronge buler. Om det var sumpene i Mississippi eller elva sine ulykkelege, livgivande strømningar som gav John Hurt innsyn i menneskesjeler, så er det Nordsjøens nådelause bølgjer og vindens piskeslag over Jæren som har gitt Børre hans bitre livsvisdom".Rogalyd
General Forsamling innleiar denne kvelden på Hå med ein minikonsert med eit utval av sine mest kjende songar.  



Kr 200 inkl. kveldsmat. Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660

Legg til hendinga i din kalender