Utstilling: Eva Schjølberg

lørdag 24. mars 2018 kl. 14.00

Eva Schjølberg
Ousia
installasjon, tekstil 

Eva Schjølberg syner utstillinga Ousia i nye løa på Hå gamle prestegard. Verket er laga til nett dette rommet. Geometrien i rommet, dei synlege bærekonstruksjonane, bruken av tre og fråvær av dagslys har vore viktige utgangspunkt for utstillinga. Kunstnaren ønskjer at me skal sjå på rommet og kunsten som eitt verk. 

Schjølberg har i over tre tiår arbeida med tredimensjonal form i møte med tekstilt materiale, kropp og rom. Ho har kontinuerleg utforska dei formskapande moglegheitene tekstil har, ved mellom anna å nytta gamle handtverksteknikkar frå Norge og Japan. Bakgrunnen for interessa i Japan er frå eit åtte år langt opphald i landet som starta med eit japansk statleg stipend for forsking i 1987. I 2003 mottok Schjølberg The Nordic Award in Textiles, Nordens største pris for tekstil kunst. Juryen fremheva spesielt måten japansk og norsk formspråk blei foreina på i kunstnarskapet.

Arbeida i utstillinga Ousia er nye, men som med alle kunstprosjekta til Schjølberg, så er dei ein del av ein prosess og ei vidareføring av tidlegare arbeid. I sist utstilling arbeida kunstnaren med tre som tema, der samanhengar knyta til treet som objekt og materiale blei vist i ei sju meter lang brettebok. Saman med eit sju meter høgt tre med mønster etter barkebiller og søyler i silke, tok utstillinga opp forbindelsane mellom mennesket, natur, objekt og handtverk.

I utstillinga Ousia får me sjå eit større antal nye arbeid i silke. Arbeida er laga som søyler og er sett saman av opp til fem lag silke som er omarbeida og mala for hand. Dei fleste er vertikale og går frå golv til tak. Somme er horisontale, somme er rette, somme har meir rørsle i seg.  Overflata til silken speler i mange ulike fargar og er taktil; ein får lyst å stryke fingrane over silken for å kjenne på strukturen. Schjølberg har valt å male silken i fargane oransje, raudbrunt, raudt, burgunder og fiolett, fargar som er nært knyta til både menneskekroppen og naturen.

I utstillinga tek kunstnaren føre seg ordet tråd, og syner ved kalligrafi korleis tråd frå hieroglyfar til dagens japanske teikn har utvikla seg, og vidare korleis teiknet tråd inngår i andre ord og tydingar.

Kunstnaren seier at «en utstilling åpner for opplevelser på mange plan. Kunst handler om både intellekt og følelser, der visuelle, fysiske og materielle inntrykk kan føre til tanker og refleksjon der sammenhenger oppdages, skaper undring eller gir innsikt.»

Ordet ousia er gresk og kan tyda å vera, eller eksistens. Det kan òg syne til substans og essens. 

Eva Schjølberg (f. 1959) har vore på Hå gamle prestegard ved fleire høve. Første gong var i 1999 med separatutstilling og seinare i 2009 som ein del av ein gruppeutstilling. Schjølberg er utdanna ved  Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo (1982-86, MA 1990) og hadde eit japansk statstipend  ved Kyoto Institute of Technology, 1987-89, samt vidare forsking i Japan frem til 1995. Ho har hatt ei rekke utstillingar i Norge og utlandet og er kjøpt inn av mellom andre Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Vestlandske Kunstindustrimuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Kulturråd.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd.

 

Legg til hendinga i din kalender