Utstilling: I BALANSE MED

lørdag 2. juni 2018 kl. 15:30

On the Edge 

I BALANSE MED 

Obrestad fyr 

Katalog On the Edge

Verda er i ubalanse. Naturen er i ubalanse, menneska er i ubalanse og teknologien skaper framtidstru, men òg uro. Me blir utfordra på fleire hald om å finne balansen.

I fyrkjellaren på Obrestad fyr syner Bente Sommerfeldt-Colberg hennar tolkingar av tittelen I balanse med. LIBELLE er sett saman av små væskefylte kammer med ei gassboble som blir nytta for å angi balanse. Dei utgjer ein pendant til fyret som nøyaktig haldepunkt under navigering til sjøs. LYS – PULS er som ein langsam ande. Verket «mimer» sola og tek lyset ned under bakkenivå til kjellaren på Obrestad fyr. I tillegg syner Sommerfeldt-Colberg det nye arbeidet TROUBLED WATER II. Bente Sommerfeldt-Colberg (f. 1966) bur og arbeider på Lierskogen. Ho arbeider med mekanisk bevegeleg skulptur og installasjon.I 2018 er det ti år sidan On the Edge oppstod som ein del av hovudsatsingane til Kulturhovedstadsåret. Den gongen var Bente Sommerfeldt-Colberg ein av kunstnarane som blei presentert og me er glade for igjen å syne arbeid av henne, denne gongen på Obrestad fyr.

I bunkersane lagar Erfjord/Oledal nye arbeid. Ved hjelp av lufttrykk, temperaturendringar og elektromagnetar oppstår rørsle som understreker dei ulike eigenskapane og meiningane til materiala. Det me tek som ein sjølvsagt ting blir sett i perspektiv. Er golv stabile? Kimer ei klokke? Når lyser ei knust lyspære? Arbeida er laga spesielt til bunkersane på fyret. Det draumeliknande og forgjengelege har ein sentral plass. Kunstnarane er mellom anna interessert i korleis verka kan kommunisere og korleis dei kjennes på kroppen.
Erfjord/Oledal består av kunstnarane Serina Erfjord (f. 1982) og Magnus Oledal (f. 1972). I studiar av fysiske og kulturelle fenomen søkjer dei å skape eit møte mellom tilskodar og kunstverk.

Utstillingane står til 1. oktober 2018.

On the Edge er eit samarbeid mellom sju fyr og eit museum i Rogaland. Årets utstilling, I BALANSE MED, består av prosjekt av følgjande kunstnarar: Daniela Schönbächler, CH (Eigerøy fyr), Else Karin Tysse Bysheim (Kvassheim fyr), Serina Erfjord/Magnus Oledal og Bente Sommerfeldt-Colberg (Obrestad fyr), Ingeborg Elieson (Feistein fyr/Friluftshuset på Orre), Yiannis Kranidiotis, GR (Tungenes fyr), Päivi Laakso (Kvitsøy fyr), Kristen Rønnevik (Utsira fyr) og Gisle Harr (Stavanger maritime museum).

Legg til hendinga i din kalender