Utstilling: Stian Ådlandsvik 

lørdag 1. september 2018 kl. 14.00

Stian Ådlandsvik 
Posture
skulptur / installasjon

Opning ved Hanne Mugaas, dagleg leiar Stavanger Kunsthall

Til utstillinga på Hå gamle prestegard har Stian Ådlandsvik (f. 1981) produsert eit verk som responderer på produksjonssida av overflodssamfunnet i eit globalt perspektiv. Flaumen av varer er kalla hit av oss, av konsumentane, av dei som tener på konsumentane men står fram som dei tener dei. Med snert og vidd fører Ådlandsvik ein sopp og ein herda transportcontainer saman.

Gjennom ein serie forhandlingar mellom visningsrom, verft, kinesiske kontaktar, 3D-skannarar, lokal- og global lovgjeving, og mange fleire meir og mindre usynlege arbeidande hender, har Posture blitt realisert.

Ådlandsvik har kjøpt ein intermodal container, der det kinesiske opphavet ikkje er vilkårleg. Utan last* har den reist på skip frå Tianjin i Kina til Stavanger, ein logisk brest i den transkontinentale handelen, der desse standardiserte boksane må fyllast for å gje økonomisk meining. I Østmarka i Oslo, nær der Ådlandsvik bur og arbeider, har han jakta på kjuker. Desse er nyttesoppar men også parasitter, verdien deira kjem an på spørsmålet om "for kven". Der dei veks på treet forårsakar dei brunråte som etterkvart tek livet av verten, (stammen kan knekke 'brått', gjerne berre av ein bris) men menneskja har lenge nytta soppen både til eld og til ymse lækjande avtrekk. Ei knuskjuke frå dette området har blitt digitalisert gjennom ein 3D-skanner. På Rosenberg Verft i Stavanger har lokalt tilsette sveisarar** henta og omarbeida metall frå containeren, og i tett samarbeid med kunstnaren bygd opp ei metallkjuke frå den digitale 3D-modellen. Hulla som står att i containerskroget svarar til skivene kjuka er bygde opp av, dei to skulpturane, ein positivt, den andre negativ forma, er slik tett samanvikla.

Om vêret er godt kan ein utanfor Hå gamle prestegard sjå containerskipa sige forbi i havgapet.

Det er vanskeleg å sjå langt / løfte blikket når ein røyrer seg i det tåkedekte området til grensekryssande varehandel. Produksjon fordrar framleis hender. Men dei dårleg beskytta hendene, trøytte etter mange arbeidstimar, er billigare enn dei norske, sjølv med transportkostnadane innrekna og alle som arbeidar på skip og i hamn, vegen vidare langs veg og bane, alle transportarbeidarane, alle laste- og lossemidla. Den standardiserte fraktcontaineren har gjort desse hendene tilgjengeleg for oss. Forureiningane ved transport og kva verknadar dei gjeldande energikjeldene enn måtte ha på dei mangfaldige lokale miljøa nett denne vara er i kontakt med, er ikkje innrekna, for kven kan vel det? Kven må vel det? Varene renn gjennom dei same grensene som stoppar menneska og rettar kjempa fram over generasjonar.

Stian Ådlandsvik er utdanna ved Statens kunstakademi i Oslo og ved Hochschule für bildende Künste i Hamburg. Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd, Billedkunstnernes vederlagsfond, Kunstsentrene i Norge og Rosenberg Verft.

Kunstnaren har omvising i utstillinga 2. september kl. 13.30. Siste visningsdag er 7. oktober 2018.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd, Billedkunstnernes vederlagsfond, Kunstsentrene i Norge og Rosenberg Verft.

 

------

* Det er ikkje lov å frakta ein container heilt tom, difor fekk Ådlandsvik med ei pappøskje med plastikkforklede for at containeren skulle bli mogleg å senda. Intermodal tyder at containeren enkelt skal kunne gå frå ein transportform til den neste utan å bli pakka ut eller om - den følgjer visse standardar.

** Norske arbeidarar er blant dei dyraste i verda, men òg blant dei som har dei beste rettane og sikraste arbeidshøva.

 

Legg til hendinga i din kalender