Omvising i utstillinga MØRKEROMSARBEID - OM LYS

onsdag 2. mai 2018 kl. 19.00


med kunstnar

Ellen Kalvig

I utstillinga MØRKEROMSARBEID – OM LYS syner Ellen Kalvig nye maleri. Som lita besøkte Kalvig mørkerommet til faren Børge Kalvig, som var fotograf på Bryne, og såg korleis ulike motiv sakte kom fram frå skodda. Først ingenting, så kom konturane sterkare og sterkare til det ferdige motivet vert fiksert.

Ellen Kalvig vaks opp på Jæren og har budd store delar av sitt liv her. For tida er ho busett i Suldal. Mange er kjent med dei fargesterke og abstraherte landskapsmotiva hennar. Naturen er kjelda for arbeida hennar. Skiftinga i lys, fuktighet, temperatur og vekst gjennom døgeret og årstidene , gjev inspirasjonen til bileta.

I utstillinga på Hå gamle prestegard møter me desse landskapa. Det er som om landskapa framleis er under framkalling, dei er ikkje heilt klare i konturane. Som ein fotograf i mørkerommet kan kunstnaren sjølv bestemma når maleriet skal fikserast.

Denne kvelden kan du bli med Ellen Kalvig på ei vandring gjennom utstillinga.

Kr 100. 

Legg til hendinga i din kalender