Sykkeldagen i Hå

søndag 27. mai 2018 kl. 12:00

Frå Nærbøparken, via Audamotland og Obrestad fyr
til Hå gamle prestegard

Bli på sykkeldagen i Hå og bli bedre kjend i Hå kommune samstundes som du får deg en god trim i frisk luft.

Start i Nærbøparken mellom kl. 12.00 – 14.00. Her får du sykkelkortet med kart og med spørsmål som du finn svara på langs ruta. Svar på eit spørsmål i parken før du syklar vidare ned til Audamotland. Her er det stopp i tunet og ei oppgåve som du skal løyse.
Så syklar du til Obrestad fyr. Nyt utsikten utover havet. Kan du kanskje sjå til England? Svar på eit spørsmål før du fortset vidare til Hå gamle prestegard.
På prestegarden må du svara på det siste spørsmålet. Så går du inn i løa. Der ventar Monica som var med på Det store symesterskapet på NRK i fjor haust.
Ho vil læra deg å laga smykke av sykkelslangar og anna.
Grillane er varme. Ta med deg grillmat og kos deg i gardsromet og i hagen.

Arrangementet er gratis og er eit samarbeid mellom Hå gamle prestegard, Hå kommune og Jærmuseet Vitengarden .

Arrangementet er støtta av Rogaland fylkeskommune.

 

Legg til hendinga i din kalender