KUNSTTUR

lørdag 25. august 2018 kl. 12:00

Hå gamle prestegard

og Tou Trykk

Laurdag 25. august inviterar Hå gamle prestegard og Tou Trykk til Kunstsafari

Program:
Kl. 12.00 - 13.00 Omvising i utstillinga AVTRYKK - grafikk mellom kinesisk blokktrykk og dataprint på Hå gamle prestegard 
Kl. 13.00 - 14.00 Lunsjbuffet i kafeen på Hå gamle prestegard
kl. 14.45 - 16.00 Omvising og demonstrasjon av dei forskjellige grafiske teknikkane på Tou Trykk i Stavanger.

KUNSTSAFARI er i samband med utsitllinga AVTRYKK på Hå gamle prestegard i sommar. Formgjevar til utstillina er Tou Trykk som og er medarrangør til KUNSTSAFARI. 

I utstillinga AVTRYKK ser me på grafikk som kunstnarisk uttrykk, men óg som ein faktor innan kunnskapsformidling, modernisering av samfunnet og i demokratiseringsprosessar. Utstillinga legg vekt på korleis dei ulike grafiske metodane har utvikla seg og korleis ein går fram for å laga mellom anna tresnitt, koparstikk, etsingar, silketrykk og litografi.

Pris kr 400 inkl. lunsj. Du køyrar i eigen bil frå Hå til Stavanger. Har du ikkje bil så gje oss beskjed så organiserer vi transport.

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660.

Tou trykk er på Tou Scene, Kvistøygaten 25, 4014 Stavanger. Det er parkeringshall i nærleiken. For nærare opplysning, kontakt oss.  

Bilete:
Frå Tou trykk
"Hest i vind" - tresnitt av Ludvig Eikaas.

 

Legg til hendinga i din kalender