Onsdagsforedrag: DÅ EUROPA KOM TIL JÆREN

onsdag 5. september 2018 kl. 18.30

med

Frans-Arne Hedlund Stylegar

FOREDRAG
Kven var det som blei gravlagt i dei store gravhaugane frå bronsealderen frå ca. 2500 - 1000 f.Kr. og som vi fortsatt kan sjå på Jæren? Kven bar dei flotte smykka i bronse som er funne i graver både på Rege og på Vigrestad?
Var det folket som hadde bodd her frå eldre steinalder og som endra kulturen frå jaktkultur til jordbruk grunna kontakt med uteverda, eller var det eit nytt folk som flytta opp hit og som kom frå Jylland der dei har gjort tilsvarande funn frå denne perioden?

Dette og mykje anna vil vi få svar på denne kvelden på Hå gamle prestegard i foredraget til Frans-Arne Hedlund Stylegar. Stylegard er arkeolog, by- og arealplanlegger hos Multiconsult. Han var tidlegare direktør for Varanger museum og fylkeskonservator i Vest-Agder. Stylegar er utdannet cand.philol. frå Universitetet i Oslo med hovedfag i nordisk arkeologi.

MUSIKK
Urtonar med bronselur
. Marcel Totolici opnar kvelden med å spela på bronselur, eit instrument som var i bruk på Jæren for 3000 år sian. Han fortel om instrumentet og presenterar musikkstykke «Agnaton» (Egyptisk farao) i tonar og vokal.
Totolici er utdanna trombonist og medlem i gruppa Bronselud – Klang av Oldtid.

FILM
På garden til Aud og Gustav Håland på Håland i Hå blei det funne eit bein av ei kvinne som levde for 3000 år sia. Sjå filmen om funnet og funnstaden. Filmen er laga for Arkeologisk museum i Stavanger av kunstnar Anne Helen Robberstad.  

Foto: Arkeologisk museum, UiS.
Disse unike funnene fra Regehaugen på Sola er å se på Arkeologisk museum i Stavanger.
 

Pris kr 200 inkl. foredrag, musikk, film og kveldsmat.Studentar og kunstnarar kr 120.
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660

 

Legg til hendinga i din kalender