Onsdagsforedrag: EI FRUKTBAR STILLE

onsdag 26. september 2018 kl. 19:00

med forfattar

Helge Torvund

Av og til spring det ein regnboge mellom biletet og diktet .
Denne onsdagskvelden vil Helge Torvund snakka om det ein kan finna igjen i hans eigen poesi og i landskapsmaleria frå Jæren til Marius Moe i utstillinga BORTENFOR på Hå gamle prestegard frå 1. september.

I foredraget tek Torvund opp tema om  – inspirasjon og  meditasjon, om å fanga det som dukkar opp og gje det form, om det å ha kontakt med den poetiske stilla, noko som òg er tydeleg i dei nesten tidlause stille landskapa ført i penselen av Marius Moe. 
Torvund les dikt frå Tidslys og andre diktsamlingar.

Helge Torvund bur på Ogna og er kjend blant dei aller fleste både i Hå kommune men og rundt om i landet.
Helge Torvund er utdanna psykolog. Som diktar debuterte han i 1977 med diktsamlinga Hendene i byen og har sidan gitt ut over tjue diktsamlingar. I tillegg har han skrive barnebøker og essay.
Torvund har og motteke fleire prisar for si dikting. I 2018 mottok han den prestisjetunge Dobloug-prisen saman med Vigdis Hjorth. Prisen vert delt ut av Svenska Akademien.

I gamle fjoset på Hå gamle prestegard syner Maris Moe (f. 1972) sine forskjellige inntrykk frå Jæren, mellom anna frå eit opphald på Obrestad fyr juli 2017.
Marius Moe er utdanna ved Statens Kunstakademi, Oslo 1997 – 2002 og Repin Statlige Russiske Kunstakademi, St. Petersburg, Russland 1996 – 1997. Han har stilt ut på mellom andre  Galleri Semmingsen, Oslo, Galleri Agardh & Tornvall, Stockholm, Galleri Gann, Sandnes og  Galleri JMS, Oslo. Han har delteke fleire gruppeutstillingar, som  Haugar Vestfold Kunstmuseum, Tønsberg, Shanghai Spring Art Fair, Shanghai, Art Expo, New York, Senter for Frie Kunster, Oslo og Henie Onstad kunstsenter. Marius Moe er innkjøpt av Equinors (Statoils) Kunstsamlinger og har utført utsmykkingsoppdrag for Royal Caribbean Cruise Line og Radisson Seven Seas Cruises.

Kvelden startar med ei kort omvising i utstillinga til Marius Moe.


For kvar bru me byggjer
finst det ein usynleg veg
som ingen går på

- Helge Torvund, Tidslys
 

Velkommen til ein kveld med poesi i ord og bilete.

Kr. 200,- inkludert kveldsmat. Studentar og kunstnarar kr 120.
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660

Legg til hendinga i din kalender