HALLOWEEN

søndag 28. oktober 2018 kl. 12.00

- for heile familien

Spøkelse og skrømt har kome fram frå skjul og flytta inn i løe og loft på Hå gamle prestegard. Saman med dei inviterer me heile familien til skumle opplevingar og gamle tradisjonar

PROGRAM Kl. 12.00 – 15.00

Klipp flaggermus og andre nifse figurar  (Kafeen, 2. etg).
Lag bilete av kålrabitrykk (Garasjen).
Bli sminka på uhyggeleg vis (Jærhuset).
Bli fotografert utkledd og sminka  (Resepsjonen).
 «HORRORSHOP» – kva gøymer seg i spøkelseshuset  (Nye løa).
 Med UNGE SPOR  

Kl.14.45.Trekning i kunstlotteriet til Vennelaget (Resepsjonen) Sikre deg lodd som er for sal i resepsjonen. Kanskje blir du den heldige vinnar av eit kunstverk. Gevinstane er stilt ut i resepsjonen.

Blodsuppe, spøkelseskaker og anna godt i kafeen.

VELKOMEN TIL MAGI OG MORO DENNE SUNDAGEN PÅ HÅ GAMLE PRESTEGARD. 

Billettar: Barn kr 50 / vaksne kr 60. Billettar kjøpast i resepsjonen. 

Arr. i samarbeid med Vennelaget for Hå gamle prestegard

Halloween

keltisk haustfest og amerikansk massekultur

Halloween er det engelske namnet på allehelgenaftan. Ifølgje engelsk tradisjon blir halloween feira på kvelden 31. oktober, dagen før 1. november. Dagen, med opphav i ein paveleg bulle frå år 749, vart ført til USA på 1600-talet mellom andre av engelske immigrantar.

På 1900-talet har halloween særleg blitt markert i USA, der utkledde born går frå hus til hus og tigger godteri med orda «trick or treat». Røtene til feiringa strekker seg over 2000 år attende i tid. Den har sitt opphav i fleire ulike religionar og skikkar, men mange meiner at den keltiske haust - takkefeiringa har påverka mest. Den siste dagen i oktober feira det keltiske folket overgangen til eit nytt år og slutten på sommaren og innhaustinga. Og dei feira hausttakkefesten, Samhain, i samband med overgangen frå sommar til vinter. Ingen skrifter frå før irane og skottane masseimmigrerte midt på 1800-talet indikerer at halloween var ein vanleg tradisjon i USA. Medan feiringa hadde dødd ut i protestantiske land, hadde ho overlevd i Irland.

Mot slutten av 1800-talet blei feiringa modifisert til slik me kjenner den i dag. Men på 1930- talet møtte skikken på ny motstand i USA, då det blei drive kampanjar mot feiringa. Mødrer fekk ufarleggjort skikken ved å rette han mot dei yngste borna og invitere dei utkledde inn i huset for godteri.

Ifølge tradisjonen er skiljet mellom den logiske, daglege verda og den meir skremmande nattverda nærast usynleg på halloween. I feiringa er det difor vanleg å pynta med gjenstandar som symboliserer døden, dei levande døde, svart magi og mytiske monster. Vanlege halloweenfigurar i moderne populærkultur er spøkelse, levande beinranglar, hekser, svarte kattar, edderkoppar og vampyrar, så vel som litterære figurar som Dracula og Frankensteinmonster.

Det er òg vanleg å nytte enkelte symbol for haust og grøde i halloween-feiringa. Det gjeld særleg graskar, helst med utskorne ansikt, og fugleskremsel, som representerer både jordbruk og det levande døde. Den moderne feiringa av halloween varierer frå land til land, mellom ulike religiøse grupper og i forskjellige miljø. Mange hevdar at grunnen til at halloween har fått større fotfeste her til lands dei siste åra er på grunn av at barnehagane har teke opp dette som ein hausttradisjon og at handelsstaden ser eit stort salspotensiale i å marknadsføra slike dagar.

Allehelgensdag og Allesjelersdag

Allehelgensdag (helgemesse) er ein gamal kristen heilagdag som handlar om dei døde. I den katolske kyrkja er 1. november dagen då ein feirar alle helgenar som ikkje har ein eigen høgtidsdag knyta til seg, mens ein den 2. november feirar alle vanlege kristne som er døde.

Det har vorte tradisjon i Norge å minnast avdøde slektningar på allehelgensdag. Graver vert stelte og det vert sett levande lys på mange graver. Dette er ein nyare tradisjon i Norge på same måte som skikken med å minnast nyleg omkomne og døde i den første sorgtida. Vi tenner i dag lys på ulykkesstader, i kyrkja, utanfor heimar, i skulen ol.

Mange førestillingar om overnaturlige hendingar vart gjerne knytte til natta til 1. november. Dersom ein hugsa kva ein hadde drømt, ville draumen bli oppfylt.

Her i Norge har ein tatt vervarsel på allehelgens dag. Dei snakka om at helgemesseflaumen kunne koma. Regn denne dagen ville vara i sju veker.

Primstavmerket kunne vera eit kors eller eit skip som symbol på den kristne kyrkja, eller ein kyrkjegard. På nokre primstavar er skipet omvendt, og dette vart tolka som at ferdsel på sjøen skulle opphøyra. Kyrkjegarden minner oss om dei døde.

Legg til hendinga i din kalender