Utstilling: DYPTRYKK

lørdag 26. januar 2019 kl. 14:00

Gruppeutstilling 
DYPTRYKK
grafikk

 

Velkomen til opning av nye utstillingar på Hå gamle prestegard  26. januar kl. 14.00.
Opning ved Solveig Landa, tidlegare styremedlem i Norske grafikere.

 

Utstillinga DYPTRYKK undersøkjer tendensane til det som skjer innan den grafiske djuptrykksteknikken i dag. Kva kunstnarar nyttar denne teknikken? Kva metode eller variant av djuptrykkteknikken nyttar dei? Kva tema tek dei opp?

 

I djuptrykkteknikken nytter ein ei polert plate, gjerne av kopar eller plast, som ein lager riper og hakk i og som etterlet seg streker og flekker på papiret under trykking.  Hovudkategoriane i djuptrykk er koparstikk, koldnål, mezzotint, etsning og akvatint.

 

I utstillinga vil både godt etablerte kunstnarar og nyutdanna vere representert.

Me syner òg verk av kunstnarar som eksperimenterer med teknikken eller kombinerer denne med andre teknikkar.

 

Hå gamle prestegard presenterer i perioden 2018–2020 ein serie utstillingar med tema kring dei ulike grafiske teknikkane. Utstillingsserien er eit bidrag til 100-årsmarkeringa av etableringa av Norske Grafikere i 1919.

 

Utstillinga står til 17. mars 2019

Legg til hendinga i din kalender