Viktig melding

Lukk meldinga

JØRN LIER HORST FOR BARN OG UNGE

Kom til biblioteket og møt forfattaren bak dei kjempepopulære krimbøkene for barn – Detektivbyrå nr.2 og CLUE-serien. Den bestselgande barnebokserien om Detektivbyrå nr. 2 er seld til 17 land og passar godt for yngre lesarar. For dei litt eldre barna på mellom- og ungdomsskuletrinnet, er CLUE-serien spennande lesing i eit godt og lett språk – med mykje action. Jørn Lier Horst vil sjølv lesa frå og presentera bøkene sine. Det vert høve til å snakka med forfattaren og få autografer etter presentasjonen.

 

Frå 6 år. Arrangementet er støtta av Fritt Ord. Gratis.

Dato
4. februar 2019
Tid
16:30 - 17:30
Stad
Hå folkebibliotek

Arrangør

Hå folkebibliotek
Adresse
Dalvegen 21
Postnummer og stad
4365 Nærbø