BOKKAFE: ALT BRENNER

lørdag 24. september 2016 kl. 15.00

Bokkafe med Helge Torvund


"I denne boka står det at alt, absolutt alt brenner. Her står det om elden som blir tenkt ved fødselen og som brenner omsynslaust i oss heile livet. Det gjer vondt og det gjer godt. Til slutt brenner elden ut. Her står det om liv og død. Om ekte saker. Her står det om kjærleik, naturlegvis. Kjærleik og begjær og natur som blir gul som eld og fell til jorda. Vame som trøyst og vamre som sot. Om den glødande kunsten og om elden i musikken. Her står det om å leva i eit evig paradoks".

"Eg beklagar, men eg har det godt
Eg sykla ut til sanddynene, solnedgangen
Den fredelege kvelden der kveldssolstrålene
lyste opp toppen av alle lange tynne strå
bakover sanddynene medan graset og tiriltunge
og sand og gullbasser låg i skyggen"

Møt poeten frå Jæren, Helge Torvund, denne lørdag ettermiddagen i kafeen på Hå gamle prestegard der han les dikt og snakkar om diktsamlinga "Alt Brenner" som kom ut på Aschehoug i 2016. Helge Torvund var mellom anna i programmet Diktafon på P2 i vår med denne diktsamlinga.  

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660.
Pris kr 100.
Kjøp noko godt frå vår kafemeny.Sjå prisar under Kafé

Legg til hendinga i din kalender