KUNSTSNAKK

lørdag 11. mai 2019 kl. 14.00

med kunstnar
Mette Tronvoll

Arrangementet er avlyst

Mette Tronvoll tek oss med inn i utstillinga PORTRETTER og fortel om fotoserien Afrikanske bilder og arbeidet med denne. Etter omvisinga blir det ein kunstnarpresentasjon der Tronvoll fortel om sitt kunstnariske virke, om kva som har oppteke henne og kvifor nett portrettfotografi har blitt ein så stor del av verksemda hennar. Ho vil og snakke om eit stort arbeid som ho held på med for tida, som ho har kalla Nordmenn i det 21. århundre.

Foredraget er i samband med utstillinga PORTRETTER som opna på prestegarden den 23. mars og står t.o,m den 26. mai 

Kr 60. 
 

Utstillinga PORTRETTER er eit utval arbeid mellom anna med utgangspunkt i portrettserien Afrikanske bilder. Serien er fotografert i Tanzania, Kenya og Rwanda. I desse landa møtte Tronvoll menneske innan ulike yrkesgrupper; jordbruk, turisme, energi og bankvesen. Dei portretterte er mennesker med svært ulik sosial status, frå folk i slumstrøk til meir privilegerte stillingar. Serien dveler ved enkeltmennesket og produksjon.
Fotografering av menneske dannar kjerna i Tronvoll sitt verke som kunstnar. Ho bur og arbeider i Oslo og er representert ved Nasjonalmuseet for kunst, The Metropolitan Museum of Art, Moderna Museet og fleire andre museer og samlinger.

Legg til hendinga i din kalender