Viktig melding

Lukk meldinga

Utstilling: SVARTE SKYER - HVITT HAV

Viel Bjerkeset Andersen
SVARTE SKYER - HVITT HAV 
fotoobjekt / installasjon 

Tidspunkt
Laurdag 07.09.2019 14.00 - søndag 03.11.2019 17.00
Stad
Hå gamle prestegard

Prosjekta til Viel Bjerkeset Andersen (1963) utforskar ofte relasjonen mellom det å vera til stades og det å vera fråverande; mellom å vera og ikkje å vera. Bruk av lys og refleksjon står sentralt i denne utstillinga, som det ofte gjer i hennar kunst.

Svarte skyer, hvitt hav referer og til vervarsling, til vår tolking av og relasjon til naturkreftene. Kunstnaren meinar at “vi nordboere er veldig opptatt av været, det er en del av vårt lynne”. Kor skjørt er det, kor skjøre er vi? Vi står overfor enorme, globale utfordringar. Klimaendringane skapar press på vår infrastruktur, våre referanserammar og forklaringsmodellar. Når det bestandige blir uberekneleg – kven er vi då? Kva skjer med oss? 

Viel Bjerkeset Andersen er aktuell i vår region med ein stor lysinstallasjon i Ryfast-tunellen som opnar hausten 2019.  

Arrangør

Hå gamle prestegard