Viktig melding

Lukk meldinga

PILEGRIMSVANDRING

med 
prost Kjell Børge Tjemsland

Dato
18. august 2019
Tid
13:00 - 17:00
Stad
Hå gamle prestegard

PILEGRIMSVANDRING
saman med prost Kjell Børge Tjemsland frå Jæren Pilegrimsråd

EI VANDRING MED NATUR, KULTUR OG ETTERTANKE
Musikar Karin Venaas frå Stavanger Symfoniorkester spelar oss inn i utstillinga  DONA EIS REQUIEM – Gje dei kvile med Requiem av Fukushima på solofløyte. Deretter er det omvising i utstillinga før prost Kjell Børge Tjemsland frå Jæren pilegrimsråd tek oss med på vandring langs pilegrimsleden til Jonsahuset, over Håelva og til Obrestad fyr. På mellomalderkyrkjegarden på Njærheim held Tjemsland eit kort foredrag om endringane av dei kristne rituala i overgangen frå katolsk til luthersk kristendom.
På Obrestad fyr er det høve til å gå inn i "Stille rom" som Jæren Pilegrimsråd disponerar i fyretbygninga. Vandringa avsluttast med eit godt måltid mat på Obrestad fyr.
Tjemsland vil gjera korte stopp undervegs med ord til ettertanke.

Pris kr 200 inkl. mat og inngangsbillett til utstillinga. Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660 
Hugs gode sko og klede etter ver.
Pilegrimsleden rundt Obrestad fyr er del av Kystpilegrimsleden i Norge.

Arrangementet er i samband med utstillinga DONA EIS REQUIEM - Gje dei kvile som visast på Hå til og med 1. september

Biletet er av steinkrossen ved mellomalderkyrkjegarden på Njærheim.
Foto: Lisabet Risa



Pris kr 200 inkl. mat og inngangsbillett til utstillinga.
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660.

Biletet er av steinkrossen ved Njærheim gamle kyrkjegard. Foto: Lisabet Risa

Støtta av Norsk Kulturråd og Fritt Ord

Arrangør

Hå gamle prestegard