EN DAG SKAL VI DØ. MEN ALLE ANDRE DAGER SKAL VI LEVE

onsdag 21. august 2019 kl. 19:00

Onsdagsforedrag med
Inge Eidsvåg

«En dag skal vi dø. Men alle andre dager skal vi leve.»
 - tanker om døden som eksistensiell realitet. 

Sitatet i overskrifta til foredraget er frå den svenske dikteren Per Olof Enquist. Med det som utgangspunkt vil Inge Eidsvåg dela nokre tankar om døden som mysterium og realitet. Han vil snakka om dødsfrykt og livsglede, om meining og meningsløyse, om språk og mangel på språk. Men og om undring og takksemd i møte med «den siste fiende».

Inge Eidsvåg er cand.phil. med historie hovedfag. Han var i mange år rektor ved Nansenskolen på Lillehammer. Nå er han forfattar og foredragsholder, men framleis knyta til til Nansenskolen. Eidsvåg er aktiv bidragsytar til bøker, tidsskrifter, avisar og NRK. Han har redigert seks essaysamlingar og sjølv skrive 13 bøker. Hans foreløpig siste bok har tittelen Døden – livets følgesvenn
Inge Eidsvåg har fått ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna Brobyggerprisen, Kulturprisen for Gudbrandsdalen og Kongens fortjenstmedalje.

Foredraget er i samband med utstillinga DONA EIS REQUIEM - Gje dei kvile som opnar den 8. juni.

Kr. 200 inkl. kveldsmat. Påmelding: post.hpg@ha.kommune.no eller 51791660. 

Støtta av Fritt Ord

Legg til hendinga i din kalender