Viktig melding

Lukk meldinga

BUSSTUR OG VANDRING PÅ KYRKJEGARDANE I HÅ

Guidag på turen,
Lisabet Risa og
Kristin Armstrong Oma
som guid
 

Dato
31. august 2019
Tid
11:30 - 16:30
Stad
Hå gamle prestegard

Busstur med VANDRING PÅ KYRKJEGARDANE OG GRAVPLASSANE I HÅ

 

 

Guidar på turen er historikar Lisabet Risa og arkeolog Kristin Armstrong Oma. 

Korleis var gravskikkane i før-kristen tid? Korleis har kyrkjegardane endra seg gjennom tidene? Korleis er det i dag? Har me gravskikkar for dei med andre religionar og for trus-nøytrale?
Dette er spørsmål som guidane vil gå nærare inn på under turen.

Dagen startar med ein god lunsj på Hå gamle prestegard. Deretter er det omvising i utstillinga  DONA EIS REQUIEM – Gje dei kvile. Turen går så med buss, der me har stopp ved gravfelt frå folkevandringstid, på  mellomalderkyrkjegardane på Njærheim, Bø, Ogna og Varhaug gamle kyrkjegard. Til slutt stoppar me ved Nærbø gamle kyrkje og ser på korleis ein gravplass er i dag.

Lisabet Risa er historikar og var førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger  til 2017. Ho har publisert mange bøker og artiklar, mellom anna fotografihistoria til Rogaland fylke, Hå og Time kommune
Krtistin Armstrond Oma er førsteamanuensis i arkeologi og forskingsleiar ved Arkeologisk museum, UiS.
Ho har gitt ut bøker, samt skrive mange artiklar om ulike aspekt ved samfunn i forhistoria.


Kr 350 inkl. lunsj og inngangsbillett til utstillinga.Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660
Bussen er attende på Hå gamle prestegard ca. kl. 16.30. 
Hugs gode sko og klede etter ver.

Biletet er frå Ogna kyrkje. Foto: Lisabet Risa

Arrangementet er i samband med utstillinga DONA EIS REQUIEM - Gje dei kvile som visast på Hå til og med den 1. september.
Støtta av Norsk Kulturråd og Fritt Ord

Arrangør

Hå gamle prestegard