Utstilling: Kjell Torriset

fredag 15. mai 2020 kl. 11.00

15. mai - 6. september 2020

Kjell Torriset
maleri / grafikk

I 2002 hadde Kjell Torriset (1950) ei stor separatutstilling på Hå gamle prestegard og det er med stor glede me ønskjer han velkomen attende. Denne gongen viser han maleri frå dei tre siste åra.

Kjell Torriset er ein av dei mest sentrale biletkunstnarane i Norge. I heile sitt virke som kunstnar har han vore oppteken av figuren i sine komposisjonar. Biletspråket hans er i hovudsak utvikla frå eit figurbasert uttrykk i 1970- og 1980-åra til eit meir abstrahert eller symbolprega biletspråk kor forenkla figurar og sterke fargeflatar i samansette komposisjonar har fått større plass.

Utstillinga med maleri på Hå gamle prestegard vil bestå av arbeid med Torriset sin karakteristiske motivkrets der arkitektur og interiør, landskap og natur, abstrakte symbol og figurar er sentrale.

Kunstnaren har store deler av utdanninga si frå England. I 1974–78 gjekk han på Statens kunstakademi under Alf-Jørgen Aas og Arne Malmedal. Torriset er representert i alle dei store offentlege samlingane i Norge. Han har utført ei rekkje store utsmykkingsoppdrag for både private bedrifter og offentlege institusjonar. Mellom anna står han bak utsmykking til Oljedirektoratet på Ullandhaug i Stavanger i 1986 og den store maleriinstallasjonen i det nye Universitetsbiblioteket i Oslo. Utsmykkinga av sørveggen i biblioteket med 836 enkeltbilete med eitt auge i kvar stod ferdig 1999.

Torriset underviste ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Statens kunstakademi og ved Edinburgh College of Art i 1980- og 90-åra.

Kjell Torriset bur og arbeider ved kystbyen Hastings i Sør-England.

 

Legg til hendinga i din kalender