Utstilling: v e r y l i k e a w h a l e

Kjell Torriset
maleri / grafikk

Tidspunkt
Fredag 15.05.2020 11.00 - søndag 06.09.2020 17.00
Stad
Hå gamle prestegard

Kjell Torriset (1950) har i heile virket sitt som biletkunstnar vore oppteken av figuren i sine komposisjonar. Biletspråket hans er i hovudsak utvikla frå eit figurbasert uttrykk i 1970- og 1980-åra til eit meir abstrahert eller symbolprega biletspråk kor forenkla figurer og sterke fargeflater i samansatte komposisjonar har fått større plass. 

Kjell Torriset er representert i alle dei store offentlege samlingane i Norge. Han har utført ei rekkje store utsmykkingsoppdrag for både private bedriftar og offentlege institusjonar, mellom anna i universitetsbiblioteket  i Johan Sverdrups hus på Blindern i Oslo. T
Kjell Torriset er utdanna ved Statens kunstakademi i Oslo frå 1974 - 78. Han har og store deler av utdanninga si frå England der han og er busett. Torriset hadde separatutstilling på Hå gamle prestegard i 1999. 

Utstillinga står til og med 6. september.

 

Arrangør

Hå gamle prestegard