MUSEUMSAFARI

lørdag 25. april 2020 kl. 10.00

Utsett inntil vidare

Hå gamle prestegard og 
Norsk Oljemuseum

MUSEUMSAFARI 
laurdag 25. april kl. 10.00 - ca. kl. 15.00

Hå gamle prestegard og Norsk Oljemuseum

I 2020 er det 40 år sidan Alexander L. Kielland-ulukka i Nordsjøen. 
I samband med markeringa opnar Hå gamle prestegard  to utstillingar den 28. mars.
RÅOLJE / CRUDE
Alexander L. Kielland ulykken, 40 år 
foto / dokumentar 
Tord F Paulsen og Marie Smith-Solbakken

FOR aig veit existen af vorld 
John Gerrard (IE), Yasmine Kabir (BD), Andrei Molodkin (RU), Camille Norment (US), Thiago Rocha Pitta (BR), Markus Li Stensrud (NO), Carla Zaccagnini (AR)
Internasjonal samtidskunst

Norsk Oljemuseum opnar ny fast utstilling fredag den 27. mars.
«Arven etter Kielland» 

Laurdag 25. april inviterar me til ein tur til Jæren og til Stavanger. 

Program for dagen:

Kl. 10.00 Oppmøte i resepsjonen på Hå gamle prestegard og omvisning i utstillingane RÅOLJE / CRUDE og FOR aig veit existen af vorld.

Kl. 11.30 Lunsj i kafeen på Hå gamle prestegard

Kl. 12.30 Avreise i eigen bil til Stavanger og Norsk Oljemuseum. Næraste parkering er utanfor Oljemuseet og i parkeringshuset på Jorenholmen

kl. 13.30 Oppmøte i resepsjonen på Norsk Oljemuseum. Omvising i utstillinga "Arven etter Kielland" med omvisar frå oljemuseet. 

Frode Fanebust og Bjørn Vidar Lerøen er med som guidar på heile turen. Begge har kunnskap og erfaring frå Kielland-ulukka.
Frode Fanebust er forfattar og historikar. Han har skrive fleire bøker, mellom anna Oljelandet og Dypt urettferdig som handlar om oljeverksemda i Nordsjøen. Far hans var sentral i redninsarbeidet etter Kielland-ulykka.

Bjørn Vidar Lerøen er tidligare journalist i Bergens Tidene og Aftenposten og tidligare ansatt i Statoil.
Som journalist har han dekka arbeidet etter Kielland-ulukka.  

Programmet er ferdig ca. kl. 15. 

For meir informasjon om utstillinga på Norsk oljemuseum, sjå: https://www.norskolje.museum.no/arven-etter-kielland-ny-utstilling-pa-oljemuseet/
For meir informasjon om utstilingane på Hå gamle prestegard, sjå: http://www.hagamleprestegard.no/utstilling/utstillinger/

Kr. 250 inkl. inngang til utstillingane, omvising og lunsj.

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51 79 16 60.

Støtta av Norsk Kulturråd, Fritt Ord og Rogaland fylkeskommune. 
Foto: Norsk Oljemuseum

Legg til hendinga i din kalender