ATLANTIC BLUE

fredag 15. mai 2020 kl. 19.00

foredrag med forfattar 
Carsten Jensen

minikonsert med
Jarle Obrestad

ATLANTIC BLUE

Møt den danske forfattaren Carsten Jensen i samtale med professor Hans-Jørgen Wallin Weihe denne kvelden på Hå.
Med utgangspunkt i Kielland-ulukka vil Carsten Jensen assosiera rundt død og drukning i Atlanterhavet og trekkja linjene tilbake i historia.

Carsten Jensen er dansk forfattar og journalist. Han blei kjend som forfattar med reisebøkene Jeg har set verden begynde og Jeg har hørt et stjerneskud. Det store skjønnlitterære gjennombrotet fekk han i 2006 med romanen Vi, de druknede som handler om sjøfarten og fødebyen hans Marstal på øya Ærø i Danmark. Jensen var på Hå i mars 2015 og presenterte denne boka.
Før sin forfatterkariere var Jensen både krigskorrespondent og fast kronikør i den danske avisa Politiken. Som journalist er blei han kjend som samfunnsrefsar. Han har vært særleg oppteken av Danmark si krigføring i Afganistan. I 2015 kom boka Den første sten og i 2016 reportasjeboka Krigen som aldri tar slutt. I 2018 kom han ut med boka Kjellermennesker der han tek opp tema om populismens frammarsj. 

Hans-Jørgen Wallin Weihe er professor ved Høgskolen i Lillehammer, samt forfattar, redaktør og samfunnsdebattant.

Kvelden opnar med en minikonsert med Jarle Obrestad. 
Jarle er kjend frå "Vind i gardhol" og "Jærrock". Han kjem med ny CD i vår med tekstar av Helge Torvund.

Arrangementet er i samband med utstillinga RÅOLJE / CRUDE, Alexander L. Kielland-ulykken, 40 år og utstillinge FOR air veit existen af vorld.

Kr 250 inkl. inngang til utstillingane og kveldsmat. Sal av mineralvatn, øl og vin. Utstillingane er opne før foredraget frå kl. 18. Kveldsmat etter foredraget. 

Påmelding: post.hpg@ha.kommune.no eller 51 7916 60.
Støtta av Norsk Kulturråd, Fritt Ord og Rogaland fylkeskommune.

Legg til hendinga i din kalender