DØRENE OPNAR 15. MAI

mandag 11. mai 2020 kl. 12.00

Det har blitt vår og mai og Hå gamle prestegard kan endeleg opne igjen!

Den 15. mai kan me ønskje publikum attende til kafeen, kunstbutikken og kunstutstillingane. Me følgjer FHI sine retningslinjer og har eit maks tal for publikum inne i våre lokalar, me ber alle om å halde god handhygiene og halde minst ein meter avstand.

For å gjera overgangen så smidig som mogleg har me 15.og 16. mai berre servering utandørs. Me håpar å kunne ta imot våre gjester inne i kafeen frå og med 19. mai.

Utstillingsprogrammet har blitt endra slik at me får vist vår store satsing denne våren; to utstillingar om Alexander L. Kielland-ulukka. Utstillingane skulle ha opna 28. mars, dagen etter 40 års-markeringa av tragedien. I staden får me vist utstillingane i heile sommar.

Me er også svært glade for eit gjensyn med kunstnaren Kjell Torriset. Han syner maleri frå dei tre siste åra i nye fjoset.

Legg til hendinga i din kalender