UTSTILLING: Anne Marthe Dyvi

lørdag 17. april 2021 kl. 13.00

17. april - 24. mai 2021

Anne Marthe Dyvi
Å GJØRE TID
video, installasjon og objekt

Opninga vert digital - sjå opninga her. 

Filmen Å gjøre tid / Doing time (2015) portretterer ein fange i Åna kretsfengsel medan han dryp  stearinlys. Det er lysstøyperi i fleire norske fengsel. Her produserer dei mest hardbarka kriminelle dei mest møysommelege dyppa stearinlys. Denne kontrasten har kunstnaren ønska å fange på video.

Tid er eit altomfattande tema, i kunsten generelt, og i arbeidet med dette verket spesielt. Målinga av tid og erfaringa av tid. I arbeid, soning og i sjølve brennetida til eit stearinlys.

Den innsette som vert filma, Emanuelle Okeke, soner ein lang dom under høg tryggleik. Når han har sona ferdig vil han verta utvist frå landet. Medan Dyvi filmar har ho ein samtale med han der dei snakkar om  tid, tru og vitskap.

I tillegg til filmen syner Dyvi verk frå serien Time Captured og Time Prints. Time Captured er forkola planter, gjort varige i ein styrt forbrenningsprosess. I Time Prints har kunstnaren laga papirarbeid av fargeplanter der tida har blitt ein reiskap i prosessen.

Dyvi fortel: Når menneskeheten utrydder sin egen kontekst, naturen, har jeg utviklet en konkret metode for å lagre den i kunsten. I sin egen utilstrekkelighet viser den konserverte naturen både brutalitet og skjønnhet.

Sjå glimt frå utstillinga: 

Anne Marthe Dyvi (f. 1979) er utdanna og basert i Bergen, med master frå Kunst- og Designhøgskolen. Arbeida hennar kan skildrast som interdisiplinære, stadsspesifikke og prosessorienterte, med ei spesiell interesse for teknologi og tid, menneskeleg eksistens og overleving. Ho er kjøpt inn av KODE, Bergen kommune, Stavanger kunstmuseum, KORO og Vestland fylkeskommune.

Utstillinga står til og med 23. mai 2021

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender