Utstilling: Arne Nøst

lørdag 30. januar 2016 kl. 14.00

30. januar - 13. mars 2016

Arne Nøst
No
video / lyd / skulptur

 

NO er assosiasjoner rundt det å flytte, endre sted for tanker og kropp, se seg om, ta inn det fremmede, nye.
NO er en lek med forenkling av komplekse sammenhenger vi alle deltar i, som individer og grupper.
NO er en visualisering av lyder mennesket uttrykker seg gjennom.

Mange kjenner kunstnaren Arne Nøst best som teiknar og grafikar. Men han arbeider med ei breidde av uttrykk, sjangrar og kunstformer. Utstillinga NO på Hå gamle prestegard er ein stadsspesifikk installasjon beståande av video, lyd og skulptur.

I 2014 deltok Nøst på Stavanger kunstmuseum si utstilling Hvem eier historien? Der iscenesatte kunstnaren objekt frå museet si samling og ga dei eit nytt uttrykk og nye stemmer. Iutstillinga på Hå gamle prestegard grip han tak i samfunnsaktuelle og allmenngyldige tema ved hjelp av lyd, bilete og objekt. Kva gjer det med oss som menneske å bryte opp med alt me kjenner til, korleis kan me forholde oss til nye inntrykk og er det mogleg for oss i vårt beskytta samfunn å sette oss inn i andre menneskes situasjonar.

Arne Nøst (1962) bur i Stavanger der han har vore teatersjef ved Rogaland Teater sidan 2009. Han  er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og ved Statens Kunstakademi i Oslo. I over 20 var han teiknar på kultursidene i Dagbladet og seinare har han bidrege med teikningar i Aftenposten. I tillegg til fleire utsmykkingsoppgåver og oppdrag innan scenografi, har Nøst òg laga platecover for mange norske artistar og illustrert ei rekke bøker. Han er innkjøpt av mellom anna Norsk kulturråd, Nordnorsk Kunstmuseum, Den Norske Opera, Nationaltheatret og Nasjonalgalleriet.

Legg til hendinga i din kalender