UTSTILLING: RIMFROST

lørdag 17. oktober 2015 kl. 14.00

17. oktober - 15. november 2015

Mona Sjo Leirkjær, Marianne Wiig Storaas, Geir Yttervik, Julie Engaas
RIMFROST
teikning, måleri, video

Utstillinga Rimfrost  er sett saman av kunstnarar som alle stilte ute på Høstutstillingen 2014. Nett desse kunstnarane hadde likevel ein samklang som me ville undersøkje vidare. Til utstillinga på Hå gamle prestegard har me invitert kunstnarane til å syne verka dei hadde på Høstutstillingen og samstundens ta med verk til å supplere med. Til saman dannar dette utstillinga Rimfrost som har teke tittelen frå Geir Yttervik sitt monumentale maleri med same namn.

Mona Sjo Leirkjær sine teikningar er ofte henta frå familiealbum. Arbeida kretsar rundt  situasjonar med ei usikkerheit knyta til kva ein eigentleg ser. Det kan vera tryggleiken i heimen spela opp mot einsemd,  eller det kan vera  den komfortable søvnen spela opp mot ein skjør og sårbar tilstand. 

Marianne Wiig Storaas går inn i intimsfæren og utforskar behovet me har for å dokumentera og iscenesetje oss sjølv. Måleria hennar skildrar ofte ulike fysiske og mentale rom.

Geir Yttervik nyttar foto, videoprojeksjon eller filmstills som utgangspunkt for måleria sine. Arbeida vekslar mellom det skremmande og enkle, men dei impresjonistiske og naturtru måleria er både sørgmodige og vene.

Julie Engaas syner animasjonsfilmen Det var ikke jeg, det var fiskemåsen. Dette er ein film om og med Pelle som har Tourettes syndrom og tvangstankar. Filmen er ganske humoristisk og skildrer Pelles logiske, «ulogiske» univers på ein særeiegen måte.  


 

Legg til hendinga i din kalender