UTSTILLING: Helle Mellemstrand

lørdag 12. september 2020 kl. 14.00

12. september - 8. november 2020

Helle Mellemstrand
FRAGMENT
tekstil / installasjon

//////////

OBS! Grunna smittevernomsyn kan me berre ha 200 gjester på opninga. Ver ute i god tid for å sikre deg plass. 

//////////

 

I nye fjoset syner Helle Mellemstand utstillinga Fragment. Utstillinga består av fleire hengande tekstilarbeid og ein større golvinstallasjon.  

Sist gong Mellemstrand hadde utstilling på Hå gamle prestegard var med utstillinga Lengsel i 1994. Denne gongen har kunstnaren arbeida med sjølvlaga filt og gjenbrukte tekstil i to- og tredimensjonale former. 

Somme av arbeida har utgangspunkt i gamle ulltepper og andre hushaldstekstil. På denne måten skapar kunstnaren koplingar mellom universelle tema som lengt, sakn, glede og sorg, til sjølve materialet i arbeida. Ho tek vare på og synleggjer desse kvardagsgjenstandane og hevar statusen til ulike tekstil som tradisjonelt har vore knyta til feminine verdiar. Mellemstrand er alltid på jakt etter tøy og former som formidler minne og opplevingar.

Filten ho nyttar er innarbeida med lim slik at tekstilen blir hard, men framleis ser og kjennes mjuk ut. På somme av arbeida har kunstnaren nytta ecoprint som er ein type plantefargingsteknikk. Teknikken er «ustabil», på den måten at fargen etter kvart vil falma bort og motivet forsvinna. I somme av arbeida med denne teknikken har kunstnaren nytta plastsøppel frå stranda ved Obrestad hamn. Etter kvart vil avtrykket av blader og blomar forsvinna, men dei fargerike plastelementa vil stå attende. Tekstilarbeida er laga etter same prinsipp som lappeteppe; fleire hundre små kvadrat med filt er sydd saman til store arbeid.

I utstillinga har Mellemstrand undersøkt omgrepa fragmentering og transformering. Kva skjer med uttrykket når ein set saman eit objekt på ein heilt ny måte? Kva nye forbindelsar oppstår og kva har forflyttingane og endringane å seie for uttrykket?

Helle Mellemstrand (f. 1958) bur og arbeider i Stavanger. Ho er utdanna ved Bergen Kunsthåndverkskole og er kjøpt inn av Norsk Kulturråd og Haugesund Billedgalleris Faste Samling. Ho har delteke på fleire utstillingar lokalt og nasjonalt. Til dømes med separatutstillinga Eco-print på filt ved Fotland Mølle i 2018, Vandreutstilling med Ryfylke Kunstlag i 2015 og Lengsel på Hå gamle prestegard i 1994.. Av kollektiv- og gruppeutstillingar kan nemnast CONTEXTILE 2018, Bienal de Artes Têxtil Contemporânea i Portugal i 2018 og Fiber Arts VIII, Sebastopol Center for the Arts i USA i 2017, der blei bidraget til Mellemstrand kåra til ”Best of Show”.


www.hellemellemstrand.no

 

 

Legg til hendinga i din kalender