UTSTILLING: Tove Kommedal

lørdag 5. september 2015 kl. 14.00

5. september – 11. oktober 2015

Tove Kommedal
dEFINISJONSMAKT / AND
installasjon

Tove Kommedal
dEFINISJONSMAKT /OG
installasjon, silketrykk, video
Opning ved Siri Aavitsland, Administrerande direktør i Museum Stavanger.

For nokre år sidan vart Hå kommune sitt initiativ om skotpremie på kråker eit diskusjonstema. Bakgrunnen for tiltaket var å regulere kråkebestanden og eit forsøk på å redde den utryddingstrua vipa. Då kunstnaren Tove Kommedal høyrte om prosjektet og at kråkekroppen ikkje vart nytta etter at fuglen var skoten, spurte ho seg sjølv om det ikkje var noko ein kunne nytta kråka til. Resultatet har blitt kunstprosjektet dEFINISJONSMAKT /OG som undersøkjer kråka som matressurs, som mytisk symbol og som del av økologisk mangfald. Kunstnaren meiner at det er problematisk at dyr og fuglar blir skutt og forkasta utan å undersøkje om dyret har ein form for verdi. Kunstnaren skriv dette om prosjektet:

Kunstprosjektet dEFINISJONSMAKT tar utgangspunkt i den døde fuglekroppen etter at fuglen er skutt ned […]. Jeg har lenge kjent på fortvilelsen ved å leve i en verden som er overfylt av ting. Som kunstner – produsent av objekter og samtidig kritiker av kapitalismen – forsterkes fortvilelsen. Derfor vil jeg gripe fatt i den døde fuglen. Kanskje kan den brukes til noe? Kanskje kan den brukes i en ernæringsmessig sammenheng? Kanskje kan den brukes metaforisk eller spirituelt? Kanskje kan den brukes i kunstnerisk sammenheng? Men jeg ønsker ikke å styre prosessen – jeg ønsker at prosessen skal styre meg. Det som er viktig for meg, er å gi kråka og dens dårlige rykte en oppreisning. Men enda viktigere er det å understreke kunstens rolle som kritisk røst i samfunnet.

I samband med utstillinga blir det gitt ut ein publikasjon som samlar informasjon frå prosjektet for å gje fleire perspektiv på problemstillingane. Det blir boklansering og seminar med artikkelforfattarane på Hå gamle prestegard 19. september 2015.

Tove Kommedal  (1970) bur og arbeider i Stavanger. Ho arbeider ofte med prosjektbasert med installasjonar som tek utgangspunkt i spenningsfeltet mellom det emosjonelle og det rasjonelle. Kommedal har hatt fleire utstillingar i Norge og utlandet, både separatutstillingar og gruppeutstillingar. I 2014 deltok kunstnaren på The 4thTaiwan International Video Art Exhibition. Førre gong Kommedal hadde utstilling på Hå gamle prestegard var i 2006 med utstillinga Intravenøs fortøyning. 


Arrangement:
Sundag 13. september kl. 13.30
dEFINISJONSMAKT / OG
Vandring i utstillinga med kunstnar Tove Kommedal. Billett til utstillinga gjeld.

Torsdag 17. september kl. 20.00,
Stavanger kunstmuseum, Kuppelkupp
I samband med utstillinga dEFINISJONSMAKT / OG på Hå gamle prestegard og utstillinga Frida
Hansen - art nouveau i full blomst på Stavanger kunstmuseum framfører Ande Somby kråkejoik.

Lørdag 19. september kl. 12-17
KRÅKA – FUGLEN VI ELSKER Å HATE
I samband med utstillinga dEFINISJONSMAKT / OG inviterer me til seminar og boklansering.
Innlegg ved artikkelforfattarane Øyvind Gjerde, Karolin Tampere, Geir Haraldseth, Ande Somby,
Ingrid Straume, Helge Bergslien ved Måltidets Hus og kunstnar Tove Kommedal.

Sundag 4. oktober kl. 12 – 16
HAUSTMARKNAD
Velkomen til ein bognande haustmarknad med kunsthandverk og kortreiste matvarer frå Jæren. Omvising i utstillinga dEFINISJONSMAKT /OG ved Øyvind Gjerde.

Tove Kommedal dEFINISJONSMAKT - Klikk for stort bilete
Tove Kommedal dEFINISJONSMAKT - Klikk for stort bilete
Tove Kommedal dEFINISJONSMAKT - Klikk for stort bilete
Tove Kommedal dEFINISJONSMAKT - Klikk for stort bilete
Tove Kommedal dEFINISJONSMAKT - Klikk for stort bilete
Tove Kommedal dEFINISJONSMAKT - Klikk for stort bilete
Tove Kommedal dEFINISJONSMAKT - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender